Fleire av traktorulukkene har skjedd med eldre traktorar og sjåførane har fått alvorlege skader.
Leiar i Bondelaget i fylket, Per Hilleren, seier han ikkje kjennar detaljane rundt ulukkene, men er uroleg over utviklinga.
– Det er urovekkjande at vi har hatt såpass mykje uhell med traktorar, seier Hilleren til NRK.no.
Har blitt alvorleg skadde
Seinast i går vart ein 30 år gamal mann alvorleg skadd etter at ein traktor velta i Hornindal. Ulukka skjedde med ein eldre traktor utan hytte.
- LES OGSÅ:
I slutten av august vart ein 28 år gammal gardsarbeidar kritisk skadd då ein traktor velta i Loen. Arbeidskollegaer har forklart at traktoren sklei på låste hjul nedover bakken før den velta rundt ein gong.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Dagen før vart ein person send til Haukeland universitetssjukehus med klemskader etter ei traktorulukke på Sande i Gaular. Ei kvinne i 30-åra frå Vassenden i Jølster vart moderat skadd då traktoren ho køyrde miste bremsene i slutten av juli i år. Ulukka skjedde med ein eldre traktor.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
– Kan få tragiske konsekvensar
Per Hilleren seier han uttalar seg på generelt grunnlag, men at desse ulukkene gir grunn til uro. Fleire av ulukkene har skjedd med eldre traktorar.
– Vi veit at det er ein del eldre traktorar som står rundt om kring, og det er ein risiko i denne næringa når du har den typen traktorar, seier Hilleren.
– Viss du er uheldig med ein traktor utan veltebøyle, så kan det få tragiske konsekvensar, seier Hilleren til NRK.no.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Vil at folk skal bruke traktorar med hytte
På spørsmål om kva som kan gjerast for å unngå ulukker med traktor er oppmodinga frå bondelagsleiaren at folk i størst mogleg grad nyttar seg av traktorar med hytte.
– Bruk for all del sele når du seg deg i traktoren og køyrer i terreng du veit kan vere utfordrande.
– Det er mange om og men rundt det, men ein har iallfall sikra seg viss ein brukar sele og har gode hytter på traktorane, seier Hilleren.
Han trur mange bønder har godt av å gå i seg sjølve for å finne ut kva ein sjølv kan gjere for å hindre ulukker med traktor.