Hopp til innhold

Kritisk for mann (28) etter velt

Tilstanden til den 28 år gamle mannen som onsdag vart skadd i ein traktorvelt i Loen blir torsdag føremiddag skildra som kritisk.

Traktorvelt i Loen

KRITISK: Den litauiske mannen som sat i traktoren er kritisk skadd.

Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Ulukka skjedde like før klokka 17 onsdag ettermiddag då traktoren som mannen sat i, velta rundt på eit jorde. Ifølgje politiet skal traktoren ha byrja å skli, før den velta rundt minst ein gong.

Gardsarbeidaren frå Litauen vart send med luftambulanse til sjukehuset i Førde og seinare frakta vidare til Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset opplyser torsdag føremiddag at mannen er kritisk skadd.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka. Politibetjent Tor Egedahl ved Stryn lensmannskontor seier dei held fram etterforskinga og at dei torsdag vil mellom anna vil avhøyre fleire vitne som såg det som skjedde.

Dei håpar å kunne avhøyre den skadde mannen så snart han er frisk nok til det.

Arbeidstilsynet er rutinemessig varsla om ulukka.