Tine-anlegget på Byrkjelo Arkivfoto NRK
Hovudtillitsvald ved Tine Meieriet Vest, Svein Førde, er svært bekymra. Hendingane den siste tida med store mediaoppslag om at Tine skal ha prøvd å presse konkurrenten Synnøve Finden ut frå Rimi- og ICA-butikkane gjer dagane tunge for dei tilsette på meieriet på Byrkjelo.
Størst i landet
Anlegget på Byrkjelo er størst i landet på produksjon av kvitost, men salet av Tine-osten har falle med 25 prosent i løpet av kort tid. No fryktar Førde for arbeidsplassane i distriktet.
Produksjon som normalt enno
I dag går produksjonen om lag som normalt på Byrkjelo, og det er ingen som kan svare på kor lang tid det vil gå før ein på alvor vil merke konsekvensane av den dramatiske nedgangen i ostesalet. Det seier meieristyrar ved Tine Meieriet Vest på Byrkjelo, Thorkild Heieren.