NRK Meny
Normal

Unge i hopetal søkjer seg til Hydro

Aldri før har så mange unge og nyutdanna søkt på jobbar på aluminiumverka til Hydro.

Fabrikksjefane til Hydro

POPULÆRE SOM ALDRI FØR: Fabrikksjefane til Hydro, med Wenche Eldegard i midten, kan gle seg over at svært mange unge vil ha arbeid hjå dei.

Foto: Halvor Molland

Høyanger metallverk fekk nesten dobbelt så mange søknader til lærlingplassane som i fjor, fortel fabrikksjef Wenche Eldegard.

Ved Årdal metallverk var det 154 søkjarar til 20 lærlingplassar. Fabrikksjef Egil Fredriksen trur industrien er meir «in» blant dei unge enn for berre få år sidan.

– Ungdommen tek for alvor til å få augene opp for at fastlandsindustrien er spennande og framtidsretta. Mange synest det er tøft at vi satsar meir mot bilindustrien.

Wenche Eldegard trur det har mykje å seie at ein kan utvikle seg vidare innan Hydro.

– Ved å jobbe hjå oss får dei eit breitt spekter av sjansar til framtidig utvikling i eit globalt selskap. Det trur eg mange verdset høgt når dei vel arbeidsgjevar.

Mange frå universitet og høgskular

I heile Hydro-systemet var det rundt 45 prosent fleire søknader til sommarjobbane som er utlyste. Til selskapet sitt program for nyutdanna frå universitet og høgskule var det 120 søknader for kvar utlyste stilling, ein auke på 31 prosent.

Den store auken i tal søkjarar er svært gledeleg, seier konsernsjef Svein Richard Brandtzæg i ei pressemelding.

– Vi representerer ein moderne og framtidsretta industri der innovasjon, klima og miljø står sentralt. Det er faktorar som dei unge verdset høgt.

Vegopning på Bergum i Førde kommune