Hopp til innhold

Underskot for Norsun

Solcelleproduksjonsselskapet Norsun i Årdal fekk eit driftsunderskot på 40 millionar kroner i fjor, skriv Finansavisen. Årsaka skal vere prispress på råvarer og tekniske utfordringar. – Vi fekk store utfordringar etter at vi installerte nytt produksjonsutstyr i fjor, noko som førte til redusert omsetnad og eit svakare resultat, seier administrerande direktør Svenn Ivar Fure.

Norsun - produksjonshall
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK