Tre karar gliser mot deg på internettsida til Rode Skiwax. Per Knut Åland, olympiakongen Bjørn Dæhlie, – og ein tredje fyr som mest liknar ein forbrytar. For sjølv om namnet på biletet fortel oss at det er Vegard Ulvang som står der og held kameratsleg rundt Åland iført eit Rode-forkle, er ansiktet hans skjult bak ei svart sladdestripe enkelte kanskje kjenner frå pornoindustrien, eller frå avisbilete av kriminelle.
Oppkjøpt av Swix
Per Knut Åland er ikkje heilt komfortabel med situasjonen. Den tidlegare landslagssmørjaren måtte nemleg fjerne Ulvang frå all Rode-reklame etter at Ulvang sitt selskap Elite Sport blei oppkjøpt av Rode sin argaste konkurrent Swix.
I mangel på eit nytt bilete å bruka, måtte sladdestripa duge inntil vidare. Reaksjonar frå Swix ventar han ikkje.
Vegard Ulvang sjølv har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.