Hopp til innhold

Ulrik Flo ute mot Aalesund

Om Sogndal sin toppskårar spelar igjen denne sesongen, blir det med smerter i hælen. På søndag er han definitivt ute.

Ulrik Flo

VIKTIG SPELAR: Ulrik Flo har skåra åtte mål for Sogndal i år. No må dei klare seg utan han.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

- Det vanskeleg å seie kor alvorleg det er, men det er vondt og opphovna akkurat no så eg blir nok ikkje klar med det første. Eg har vore borti hælputeskader før og det pleier å gå ei lita stund før du kan trene og spele att. Og då er det med smerter, sjølvsagt. Så vi får sjå. Kanskje eg kan spele dei tre siste kampane med smerter, seier Ulrik Flo som sat heime medan resten av laget trena i forkant av kampen mot Aalesund på søndag.

Toppskårar

Trass i at han har vorte flytta vekk frå spissplassen og ned på høgrekant er Flo Songdal sin toppskårar i år med åtte mål. Mot Viking på søndag spelte han kanskje sin beste kamp for sesongen, og følte sjølv at storforma var på veg. Men på trening onsdag var det slutt på godkjensla.

- Eg hoppa opp i ein duell og landa veldig stivt på foten. Dermed fekk eg ein smell i hælputa og i ankelleddet, seier Flo.

Kan redde plassen

Etter å ha teke sju poeng på dei tre kampar, tapte Sogndal mot Viking sist. Likevel fekk dei seg ein opptur på måndag då nedrykksrival Fredrikstad tapte mot Brann etter eit sjølvmål heilt på tampen av kampen.

- Det er seigt at dette skulle skje no, for det er no det blir avgjort og då er det kjekt å vere med å bidra, seier Flo.

Fleire skader

I tillegg til Flo var også Taijo Teniste til behandling for ein skade på torsdag, og det er svært usikkert om den estiske backen blir klar til søndag. I staden reiser han og Flo på mr-undersøking på måndag.

- Vi har gode erstattarar, men du vil jo ha alle spelarane tilgjengelege. Ulrik har vore fantastisk for oss i det siste, og Taijo også, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson.

Furebotn nesten frisk

Det gledelege for Olsson sin del er at kaptein Henrik Furebotn kan vera klar att. Han hinka av bana med ein strekk i låret for to veker sidan mot Lillestrøm. Torsdag var han igjen med på førstelaget sin trening, men fullførte ikkje heile økta.

- Eg trur i alle fall eg er tilgjengeleg for spel. Det har gått fort framover dei siste dagane, og no kjennest det ok. Men me får sjå kva Jonas vel, seier årdølen.

Karadas som spiss?

Vidare kan det vera duka for Azar Karadas på topp mot Aalesund. Eidaren vart henta til Sogndal for å spele midtstoppar i sommar, men etter at han vart skada har Gustav Valsvik gjort ein god figur i midtforsvaret saman med Hannu Patronen. Dermed vart Karadas heller sett inn som spiss mot slutten av kampen mot Viking, og der kan det henda han får halda fram - på bekostning av brasilianske Ricardo Santos.

- Det er absolutt eit alternativ. Azar er unik med styrken og storleiken sin, seier Olsson.