NRK Meny
Normal

Cupmeisteren og seriemeisteren skal bli profesjonelle

Lars Arne Nilsen leia Hødd til cupgull, og Mark Dempsey har to seriegull med Molde på to år. No er dei to av 17 som skal ta den høgste trenarutdanninga i Noreg.

Dempsey/Nilsen

Molde-manager Ole Gunnar Solskjær si høgre hand, Mark Dempsey, skal ta UEFA Prolisens i 2013. Her frå gullfeiringa i 2011. Det same kurset skal Hødd-trenar og cupmeister Lars Arne Nilsen ta.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg/Håkon Mosvold Larsen / Scanpix/montasje

Noregs Fotballforbund skriv på sine sider at i alt 17 trenarar delta på UEFA Prolisens-kurset i 2013.

Dette er den høgste trenarutdanninga i både Noreg og Europa, og utdanninga gjeld på tvers av landegrenser.

Cupmeister og seriemeister

Blant dei 17 er Lars Arne Nilsen, Hødd-trenaren som nyleg blei cupmeister etter å ha slått Tromsø i cupfinalen førre søndag.

I tillegg skal seriemeister to år på rad, Mark Dempsey ta UEFA Prolisens det komande året. Han er Molde-trenar, under Molde-manager Ole Gunnar Solskjær.

Blant dei 17 andre finn ein mellom andre dei tidlegare fotballproffane og landslagsspelarane Dan Eggen og André Bergdølmo.

I tillegg fin ein meritterte Mons Ivar Mjelde og den nyleg tilsette Ull/Kisa-trenaren Roar Johansen.

Trenarane som skal delta:

  • Andrea Loberta, Vålerenga
  • Morten Rønningen, Odd Grenland
  • Jan Frode Nornes, Odd Grenland
  • Rolf Teigen, Grorud
  • Mark Dempsey, Molde
  • Jan Roar Saltvik, NFF
  • Dan Eggen, KFUM
  • André Bergdølmo, Vålerenga
  • Lars Arne Nilsen, Hødd
  • Roar Johansen, Ull/Kisa
  • Geir Nordby, Røa
  • Mons Ivar Mjelde, Start
  • Vegard Skogheim, Ham Kam
  • Leif Gunnar Smerud, Hønefoss
  • Vegard Hansen, Mjøndalen
  • Aasmund Bjørkan, tidlegare Ranheim
  • Asle Andersen, Sandnes Ulf