Hopp til innhold

Ueinige om konsekvensar

Flora lufthamn vil bli råka om rabatten på startavgifta blir fjerna. Liv Signe Navarsete (Sp) hevdar regjeringa gjer det motsette av det dei har lova.

Djuvik og Navarsete

USAMDE: Frank Willy Djuvik (Frp) og Liv Signe Navarsete (Sp) er ikkje samde om kostnadane ved fjerning av rabatten på startavgifta.

Foto: Montasje

– Vi har fått ei sterk auke i passasjeravgifta på 8,4 prosent, samstundes som vi fekk ei dobling i CO-avgifta i fjor. Det er mange element som saman utgjer ein distriktsfiendtleg politikk, seier Navarsete.

Flyselskapa må betale startavgift kvar gong eit fly tek av frå ei statleg lufthamn, det vil seie ei lufthamn eigd av Avinor. I dag får selskapa 30 prosent rabatt på lufthamnene i blant anna Sogn og Fjordane, no skal rabatten fjernast.

– Vil ramme alle flyplassane

Det er Florø lufthamn som kan bli råka av at denne rabatten forsvinn. Resten av flyplassane blir drivne på anbod og her kan operatørane sende rekninga vidare til staten. Men frå 1. april blir Florø ein kommersiell flyplass og dermed ein av dei som ikkje slepp unna.

Navarsete meiner ein må stoppe opp og tenke nøye gjennom konsekvensane av det.

– Det vil i fyrste omgang ramme Flora, men seinare også dei andre flyplassane. Når ein skal ha nye anbodsrundar så har ein fått ein kostnad på toppen av det ein har per i dag, sjølv om staten går inn og kompenserer, fortel ho.

Frank Willy Djuvik (Frp) vektlegg at ein ikkje har fått den totale avgiftspakken frå regjeringa.

– Denne regjeringa er oppteken av å redusere avgiftene. Det har blitt bortimot nullvekst i flyavgiftene, noko som medfører av det blir billegare for passasjerane totalt sett, seier han.

Hevdar det ikkje blir dyrare

Det var den rødgrøne-regjeringa som innførte overgangsordninga for å mildne verknadane av eit EU-direktiv om flysikringsavgifter. Navarsete meiner dei ikkje hadde sett punktum i denne saka.

– Det vart ikkje sagt noko om når denne kompensasjonen skulle takast ut. Det er tydeleg at regjeringa ikkje er opptekne av å legge til rette for distrikta, fortel ho.

Djuvik hevdar at ein ikkje forverrar situasjonen for flypassasjerane i fylket.

– Det blir teke inn seks milliardar kroner i løpet av året i flyavgifter og dette talet har ikkje endra seg. Avgiftene blir brukt til å drifte Avinor sine flyplassar, seier han.

Blir det dyrare å fly?

– Med effektiviseringsprogrammet Avinor er i gang med vil kostnadane og avgiftene gå ned, dermed vert det billigare å fly framover. Samferdsleministeren kjem til Flora neste veke og då vil vi legge fram at vi ønskjer ei ordning med fleksible startavgifter, og eg har god tru på at vi skal få på plass ei slik ordning, fortel Djuvik.