Hopp til innhold

UEFA-utmerking til Sandane IL

FØRDE (NRK): Som første klubb frå Sogn og Fjordane fekk Sandane IL bronsemedalje frå UEFA for sitt arbeid med breiddefotballen.

Yngve Hallèn, Robert Endestad og Sjur Gimmestad

JEV PRIS: Yngve Hallèn (f.v.) og Robert Endestad delte ut prisen frå UEFA til Sjur Gimmestad under prisutdelinga på kretstinget laurdag kveld.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Eg vart heilt sett ut. I fjor vart eg årets klubbleiar og vart sett heilt ut. Eg lova meg sjølv av eg ikkje skulle bli det i år og, men då fotballpresidenten Yngve Hallèn fortalde kriteria som låg til grunn for prisen, vart eg det i år og, seier styreleiar i Sandane IL, Sjur Gimmestad.

Høgthengande pris

Prisen vert delt ut til tre klubbar i Europa kvart år. For å vinna prisen må ein vera eit forbilde innanfor breiddesatsing i klubben, og i nomineringsprosessen må ein først bli nominert frå krets til NFF og så frå NFF til UEFA.

UEFA diplom til Sandane som beste grasrot-klubb

BEVIS: Her er beviset på at Sandane er ein av tre utvalde, frå 54 land under UEFA, som mottok bronsemedalje for sitt breiddearbeid.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

I finalen var det lag frå dei 54 medlemslanda til Europa.

– Vi fekk vite om at vi fekk prisen før prisutdelinga, men eg trudde det var ein «liten»pris. At det var så mange lag med å kjempa om den var eg ikkje klar over. Det er heilt uverkeleg at Sandane får denne prisen, seier Gimmestad.

Då Gimmestad snakka med NRK etter prisutdelinga stor gratulantane i kø for å gje vinnaren ei klapp på skuldra.

Suksess med fotballhall

Dei siste åra har Sandane ikkje berre utvikla kvaliteten i klubben, men det har vore satsa stort på anleggssida. Eit element er ein fotballhall med ei speleflate på 40x20 meter.

– Sidan den opna har vi ikkje låst døra ein einaste gong. Det har vore folk der heile tida, og det har ikkje vore noko hærverk eller andre problem. Den er veldig mykje brukt og no kan folk spela fotball heile året, seier Gimmestad.

Klubben har i dag 450 aktive fotballspelarar, og alle som skal vera trenarar på aldersbestemte nivå må gå gjennom kursing før dei tar fatt på oppgåva.

– Ein «sosial kosegris»

Fleire prisar vart delt ut både gjennom dagen og på gallamiddagen under årets fotballting.

Egil Mundal tar imot prisen for årets seniortrenar på vegne av Eirik Bakke

ÅRETS SENIORTRENAR: Eirik Bakke fekk prisen for årets seniortrenar i fylket, men då hovudpersonen sjølv var i 50-årslag i Leeds tok dagleg leiar i Sogndal, Egil Mundal imot prisen for han. Til venstre står leiar i NFF Sogn og Fjordane, Robert Endestad.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Prisen for årets seniortrenar gjekk til Eirik Bakke, som ikkje var til stades for å ta imot utmerkinga.

– Eirik kom inn utan trenarerfaring og har gjort kjempesuksess. I Sogndal har vi eit uttrykk som heiter «sosial kosegris». Det er Eirik og det er ei innstilling ein kan nå langt med, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal som henta prisen på vegner av Bakke.

Fleire vart heidra under prisutdelinga og eit knippe av desse kan du sjå i faktaboksen under.