Hopp til innhold

UDI byggjer ned asylmottak over heile landet

Talet på flyktningar som kjem til Norge har gått ned. Det fører til at fleire mottaksplassar no vert kutta.

Vadheim Fjordstue Hotell

KORT LEVETID: Etter mykje om og men vart det etablert mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar her ved Vadheim hotell i april i år. Frå september er det mest truleg slutt.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Sogn Avis fortalde torsdag at dei kring 30 plassane for einslege mindreårige på Kaupanger blir endra tilbake til ordinære plassar, slik det opphavleg var. Dermed blir ungdomane flytta til andre mottak.

Mottaket på Kaupanger er eitt av mange mottak som vil merke UDI si nedbygging av mottaksplassar for einslege mindreårige. I Vadheim starta Norsk Folkehjelp mottak i april med kontrakt fram til 9. september og mogleg forlenging, men då er det mest truleg stopp.

Sissel Mehammer, UDI

MÅ KUTTE: Regiondirektør i UDI, Sissel Mehammer varslar store kutt i mottaksplassar.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi har no varsla dei om at vi ikkje kjem til å forlenge den avtalen, seier regiondirektør i UDI, Sissel Mehammer.

Skuffa, men ikkje overraska

Fungerande mottaksleiar ved Vadheim mottak, Ellen Indrebø, seier dei har vore klar over at framtida til mottaket var avhengig av kor mange flyktningar som kom til landet.

– Slik sett var det ikkje ei så stor overrasking for oss. Men det er klart vi er skuffa, for når vi bygde opp mottaket, så var det med tanke på at vi kunne ha ein litt lengre horisont å jobbe med enn berre seks månader, seier ho.

Mottaket har hatt 40 plassar, men har berre hatt 15 bebuarar så langt. Indrebø peikar på at det ikkje er så lett for dei å skulle flytte på seg midt i ein ventefase.

– Slik vi opplever det har dei hatt det veldig greitt her. Vadheim og Høyanger har teke dei godt imot, så vi føler det er veldig trist for dei.

I tillegg vil mange av dei tjue tilsette miste jobben.

Kuttar plassar ved fleire mottak

Tidlegare denne veka fortalde Firda at asylmottaket for einslege mindreårige på Skei vert kutta med 30 plassar.

Mehammer kan også fortelje at plassane på dei ordinære asylmottaka i Høyanger, Solbakken i Florø, Stryn og Årdal, blir reduserte.

– Det betyr at vi seier opp desse opsjonsplassane, anten tretti eller seksti ved dei ulike mottaka, som vi har som ein slags buffer som vi kan ta i bruk når vi har bruk for fleire mottaksplassar, seier Mehammer i UDI.

Førde asylmottak på Bergum

FÆRRE PLASSAR: Asylmottaket i Førde er eitt av fleire mottak som mister mottaksplassar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Årsaka er at kapasiteten i mottaka er større enn det er behov for.

Mehammer seier dei vil prøve å ta så mykje omsyn dei kan når det gjeld einslege mindreårige, men at dei blir nøydde til å bu seg på å flytte frå mottaket. UDI samarbeider med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet om rask busetjing av personar som har fått opphaldsløyve.

– Vil vi også prøve å gjennomføre flyttinga slik at dei kan kome i gang med skulegang i ein annan kommune over sommarferien, seier Mehammer.