NRK Meny
Normal

Då dommaren annullerte Florø-målet, såg ikkje Folland det skapte grann...

Kampen mellom Florø og Førde kunne fort ha enda med Florø-siger. Men i 89. minutt vart Florø sitt mål annullert. Men det var det berre så vidt Førde-trenar Knut Erik Folland fekk med seg ...

Created by InfoDispatcher

GREI KAMP: Sjå intervju med Førde-trenar Knut Erik Folland og Florø-trenar Terje Rognsø etter kampen. Foto/redigering: Truls Kleiven

– Eg stod 65 meter unna og hadde mista ei linse. Så kva som skjedde der, kan eg i grunnen ikkje seie så mykje om, for det såg eg ikkje mykje av, seier Folland, som må le av det heile, sjølv om resultatet av kampen, 2-2, ikkje var mykje å smile av.

– Siste fem minutta såg eg fint lite, seier Folland, som ikkje vil gi dommaren skulda for at kampen enda som han enda.

– Det er ein jamn kamp. Vi er best i første omgang og leiar fortent til pause. Andre omgang er Florø meir med og skapar litt meir trøbbel for oss, seier Førde-trenar Knut Erik Folland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Florø-Førde

KJEMPA HARDT: Begge lag ville så gjerne vinne, men i dag var ikkje vilje nok.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

Ingen var heilt nøgde

Førde leia 0–1 til pause etter at Runar Hove var uheldig og sette ballen i eige mål.

I andre omgang utlikna Florø då Stefan Aase scora i 50. minutt.

Alexander Ødegaard sette, ifølgje livedekninga til Firda, inn 2–1 til Førde frå 16 meteren. Halvor Solheim-Olsen utliknar til 2–2.

I 89. minutt set Tore Hovden ballen i mål etter ein duell med keeper, men dommaren bles angrep på keeper og annullerer målet.

– Alt i alt er det eit greitt resultat. Men eg trur ikkje nokon av laga var heilt nøgde med uavgjort i dag, seier Folland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Florøfansen

STOD PÅ: Florø-fansen gjorde sitt yttarste for å skape stemning.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Var tammare enn vanleg

Han legg ikkje skjul på at førdianarane gjerne skulle hatt med seg tre poeng heim att i dag.

– Vi klarte ikkje å halde det trykket som vi hadde i første omgang i andre omgang. Men Florø er eit bra lag. Vi får vere nøgde med eitt poeng borte mot dei, seier Folland.

Normalt sett er det høg temperatur når Førde og Florø møtest, men Folland tykte det kanskje var hakket daffare enn vanleg.

– Eg tykte det var tammare enn vanleg. Det brukar å vere verre enn dette. Det er noko ekstra å spele desse kampane, men det var ein fair spelt kamp. Eg tykte ikkje det var nokon stygg kamp på noko som helst vis, seier Folland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde

LITT NEDFOR: Førde-spelarane var tydeleg skuffa etter kampen.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

Bomma på ope mål

Heller ikkje Florø-trenar Terje Rognsø er i fyr og flamme over kampen.

– Førde er best i første omgang. Vi er ikkje bra i det heile. I andre omgang tek vi over og det er til tider dramatikk. Men vi er skuffa over at vi ikkje vinn kampen, seier Rognsø.

Laget hadde fleire sjansar der dei ikkje klarte å få lêrkula i mål, trass i at det var så godt som ope.

– Vi bommar på ope mål. Det er ikkje så mykje meir å seie om det, seier Rognsø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førdefans

SUPPORTERAR: Ein heil gjeng førdianarar hadde teke vegen til Florø for å heie på laget sitt.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

Skapar nok sjansar til å vinne

Han ser likevel positive ting å ta med seg vidare.

– Vi har slite spelemessig ei stund. Det positive er at byrjar å likne oss sjølve. Vi skapar nok sjansar til å vinne, og det må vi ta med oss. Men sju kampar utan siger er for mykje. Det er ubegripeleg, seier Rognsø.

Florø skal møte botnlaget Ålgård borte neste helg, medan Førde møter Fyllingsdalen heime. Florø ligg no på 3. plass på tabellen, medan Førde ligg på 8. plass.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå