NRK Meny
Normal

Uavgjort for Sogndal

Sogndal spelte uavgjort 0-0 mot Sandnes Ulf søndag.

Sogndal mot Sandnes Ulf

Sogndals Ahyee Aye Elvis og Vetle Myhre frå Sandnes Ulf delte peonga søndag kveld.

Foto: Morten Wiik Larsen

Eit sterk svekka Sogndal-lag gjesta Sandnes søndag ettermiddag. Både Tommy Øren, Ulrik Flo, Tomas Ness, Harald Stormoen, Håvard Flo og Eivind Daniel Røed var anten skadde eller sjuke, og var ikkje aktuelle for spel.

Video Høydepunkter fra Sandes Ulf - Sogndal 25.04.10

SJÅ: Høgdepunkta frå Sandnes Ulf - Sogndal.

Burde vunne

Men sjølv om Sogdal stilte veldig redusert, var laget frå saftbygda strået kvassare og burde vunne kampen. Sogndal hadde både det meste av banespelet og dei fleste sjansane.

Even Hovland hadde god kontroll i forsvaret og var Sogndal sin beste spelar. Sandnes Ulf kunne imidlertid også gått sigrande ut av oppgjeret. Laget hadde ein kjempesjanse på overtid, men Morten Eriksen skaut midt på keeper frå kort hald.

Sju poeng på fire kampar

Sogndal står med sju poeng på fire kampar, etter å ha vunne mot Ranheim og Alta, tapt mot Sarpsborg 08 og spelt uavgjot mot Sandnes Ulf.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå