Ved nyttår blir 440 tilsette arbeidsledige i Hamburg Aluminium-Werk, der Hydro eig ein tredel. Informasjonssjef Thomas Knutzen i Hydro Aluminium meiner nedlegginga er uunngåeleg.
Tyske politikarar og fagforeiningsleiarar skuldar Hydro Aluminium for ureint spel i samband med at Hamburg Aluminium-Werk blir lagt ned 1. januar. - Ei skam, seier ein delstatspolitikar. I eit Tyskland som frå før slit med stor og stigande arbeidsløyse blir ikkje nordmenn spesielt populære av ei slik sak. - Den norske kvalfangsten har ikkje øydelagt halvparten så mykje for det norske renommeet som dette, seier ein norsk næringslivsaktør i Tyskland til Aftenposten.
Dyr kraft
Hydro har mellom anna avvist eit tilbod frå ein investor som ville kjøpe verket, og politikaren Gunnar Uldall hevdar at Hydro heile tida har endra vilkår. Dette avviser Thomas Knutzen, utan at han vil påstå at Uldall lyg. Knutzen seier det er eit politisk rammeverk rundt kraftmarknaden i Tyskland som gjer at det er nesten umogleg å få tak i billig kraft. Og det er difor verket må stengast.
Historia i Hamburg har ein viss parallell til Høyanger, sjølv om mykje er annleis. For Hydro eig berre ein tredel i Hamburg-verket, og verket ville ikkje ha sjansar til å tene pengar etter nyttår på grunn av den høge kraftprisen i Tyskland. Leiar Billy Fredagsvik i Høyanger Kjemiske industriarbeiderforening har difor forståing for at verket blir lagt ned.
Berre starten
Men det som skjer i Hamburg er berre starten på ein skikkeleg blåmåndag. For Hydro Aluminium eig mykje meir i Tyskland enn ein tredel av Hamburg-verket. I 2002 vart det tyske konsernet VAW med to metallverk oppkjøpt. På heimesida til Hydro Aluminium ligg framleis ein artikkel frå 15. mars det året. A dream comes true - er overskrifta. - Ein draum blir oppfylt. Godt tre år seinare er dette ei overskrift som Hydro sikkert godt kunne vore for utan, konstaterer leiar Bjørn Øvstetun i Årdal Kjemiske Fagforening.
Mareritt
For den tyske draumen er i ferd med å bli eit sant mareritt for Hydro Aluminium. Frå nyttår er kraftprisen i Tyskland så høg at dei tyske verka kjem til å gå med store underskot. Til neste år skal dei stenga eitt av dei to heileigde verka sine i landet - det som blir att har fått ein auke i straumprisane sine på rundt 600 millionar kroner i året.
Kan bli positivt for Norge
Så er spørsmålet: Kva har det som skjer i Tyskland å seie for verka her i landet? Bjørn Øvstetun meiner det kan vere positivt dersom kraftprisane her heime ikkje stig for mykje. Det vert eit manko på metall som må dekkast inn, seier han. Men alfa og omega er gode kraftprisar lenge framover. Og får ikkje norsk aluminiumindustri slike kraftavtalar, kan det fort gå som det no gjer i Tyskland. Nokre øre på kilowattprisen slår tungt ut, seier Øvstetun.