Hopp til innhold

Tusenvis av reisande blir råka av tunnelbrannen

E16 kan bli stengd i lang tid etter brannen i Gudvangatunnelen. I løpet av få timar har trafikken på omkøyringsvegane mellom Aust- og Vestlandet auka betydeleg og legg stort press på ferjene i området.

Tunnelbrann Gudvangatunnelen

STORE SKADAR: Bussen som brann i Gudvangatunnelen er heilt utbrend. Skadane i tunnelen er truleg svært omfattande.

Foto: Voss brannvesen

– Det er ein stor katastrofe som har skjedd her. Det er ei tragisk hending når ein får ein så alvorleg brann i ein tunnel, men heldigvis er det ingen omkomne etter det vi har fått høyre til no, men at det er skadde, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, til NRK.

Kor lenge tunnelen blir stengd er framleis uvisst, men det blir truleg lenge. Brannsjef på Voss, David Skjerven, trur tunnelen blir stengd ut heile turistsesongen.

– Det kjem til å bli langvarig stenging ut turistsesongen, seier David Skjerven til Bergens Tidende.

– Vi veit ikkje no kor lenge tunnelen blir stengd, seier derimot Finden, som ventar på klarsignal frå brannvesen og politi før vegvesenet kan ta Gudvangatunnelen nærare i ettersyn.

Store skadar på tunnelen

Han legg til at det har vore planlagt ei omfattande utbetring av tunnelen komande vår

– Då er det snakk om utbetringar for mellom 300 og 400 millionar kroner. Samstundes vart det jo og sett inn fleire tiltak og meir utstyr etter førre brann, seier avdelingsdirektøren i Statens vegvesen.

– Kan det vere aktuelt å forsere dette arbeidet, når det no likevel må gjerast utbetringar etter brannen?

– Det er klart at når det først er stengt så prøver vi jo å få gjort dei tiltaka vi kan Men vi prøver jo viss vi har moglegheit.

Ventar kraftig trafikkauke

Presset på omkøyringsvegane i Sogn og Hordaland vil auke raskt som ein følgje av tunnelbrannen. På ferjesambanda i midtre Sogn frå Vangsnes til Hella og Dragsvik, er trafikken alt no blitt monaleg høgare.

– Vi har dialog med Statens vegvesen og vil vurdere situasjonen nøye, seier driftsdirektør i Fjord1, Stian Hårklau, til NRK.

Det går vanlegvis tre ferjer i sambandet mellom Vangsnes på sørsida av Sognefjorden og Hella og Dragsvik på nordsida.

Ferje Hella

LANGE KØAR: På ferjekaiene i midtre Sogn har det byrja å danne seg køar som ein følgje av brannen i Gudvangatunnelen.

Foto: NRK-tipsar

Desse ferjene har også vanlegvis høg trafikk, men med Gudvangatunnelen stengd, blir presset ekstra stort. Også Rv. 7 over Hardangervidda vil få auka trafikk som ein følgje av brannen.

Kor lenge tunnelen blir stengd er uvisst, men ifølgje brannsjef David Skjerven på Voss, er infrastrukturen i tunnelen øydelagt.

Setter opp ekstra ferjer

Også reiselivet i regionen får store problem og utfordringar etter brannen i tunnelen. Titusenvis av turistar er venta til Flåm og Gudvangen dei næraste dagane, og mange av dei skulle i utgangspunktet bli frakta i buss mellom dei to turiststadane.

– No prøver vi å få oversikt så godt vi kan. Vi setter opp ekstra kapasitet i kveld. Det er mange grupper som har reist med båt, medan bussen deira står på feil side av tunnelen. Difor setter vi opp ekstra avgang i dag med m/f Fanaraaken, seier Stig Jonny Buvik i reiarlaget "The Fjords".

Flåm havn tunnelbrann

TOK IMOT TURISTAR: Kaia i Flåm blei i dag brukt til å ta imot folk som blei evakuerte frå Gudvangatunnelen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

1000 venta på bussen

Dei har mesteparten av trafikken på fjorden mellom Flåm og Gudvangen, og for andre gang på to år opplever dei at vegen mellom dei to stadane blir stengd på grunn av brann.

– Det var over 1000 menneske i Gudvangen då det stod på som verst. Det var mange som skulle tilbake til Flåm for å vere med cruiseskip, som framleis ligg her. Det vil då i staden for gå til Vik, og cruisegjestane blir då køyrd over Vikafjellet, opplyser Buvik til NRK.