– Gapet er så stort at det fortel dei fleste at det er for mange båtar i forhold til passasjerar, seier Leif Inge Underdal, styrenestleiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark.
Stupbratte fjell, gamle gardar som klamrar seg fast og ein isblå fjord. Ifølgje lokalbladet Aurlendingen lokka dette i fjor 300.000 turistar til ein båttur mellom Flåm og Gudvangen i Aurland. I snitt 2000 reisande dagleg.
Til sommaren skal 27 fartøy frakte turistar på verdsarvfjorden. Ei utrekning Aurlendingen har gjort viser at den samla kapasiteten er på 10.500 passasjerar dagleg. Med utgangspunkt i talet reisande i fjor, som vart vurdert som eit godt år, vil det bety ein overkapasitet på 8500 passasjerar dagleg.
– Styringa på trafikken er ute av kontroll, seier Underdal.
– På tolegrensa
Turistar frå heila verda strøymer kvart år til Flåm og Gudvangen for å oppleve verdsarvfjorden.
Dette fører til større press på hamnene.– Kapasiteten er sprengd, både natt og dag, seier hamnesjef i Aurland hamnevesen, John Erik Johnsen.
– Det er 27 fartøy som dagleg går ut og inn i Gudvangen. Det vil seie at det på fjorden er over 50 passeringar dagleg. Dette er på grensa til det ein kan tole av trafikk.
- Les også:
- Les også:
– Må sjå vårt behov
Ein av aktørane som driv transport mellom Gudvangen og Flåm er Norwegian Fjord Voyage AS. I sommar skal dei ha tre fartøy på fjorden.
– Turisttrafikken har gått opp frå år til år. Sist sommar hadde vi mange fullbooka båtar. Difor har vi i år sett inn ein båt som er litt større, seier Aanen Nilsen, som eig selskapet.
– Er det for mange båtar på fjorden?
– Det er umogleg for meg å seie noko om. Eg må sjå vårt behov, og jobbe ut frå det, seier Nilsen.
– Nasjonale turistfjordar
Alle rutene på Nærøyfjorden er kommersielle. Aurland-ordførar Noralv Distad seier det er bra mange vil leggje til rette for aktivitet.
Samtidig ser han behovet for å organisere turisttrafikken annleis framover. Han peikar på storsatsinga Nasjonale turistvegar (sjå faktaboks).
– Eg håpar vi kan få ei tilsvarande satsing på nasjonale turistfjordar. Dette ligg fram i tid, men vi må finne langsiktige løysingar slik at vi har gode tilbod på det flottaste vi kan tilby, nemleg fjordane, seier Distad.
Det har ikkje lukkast NRK å få tak i
Dei har kapasitet til å frakte 6000 passasjerar dagleg.