Hopp til innhold

Har sete vêrfaste på breen i over eitt døgn

To belgiske turgåarar sit vêrfaste på 1500 meters høgd på Supphellebreen.

Supphellebreen

SIT VÊRFASTE: To turgåarar frå Belgia har sete vêrfaste på Supphellebreen sidan onsdag kveld.

Foto: Kaia Johnsen Viki

To fjellførarar frå Noregsguiden er no på veg til dei to belgiske turistane, som har sete vêrfaste i området sidan onsdag kveld.

Turistane, som var på veg til Flatbrehytta, har slått leir på kring 1500 meter på ei breflate nedanfor Supphellenipa.

– Er det tåke og dårleg vêr, som det ser ut til at det kan bli, kan det vere ganske utfordrande, då ser vi ikkje vegen gjennom brefallet. Det blir å prøve seg fram, seier Sigurd Felde, ein av fjellførarane.

Turistane skal ha delvis mobildekning, men mobiltelefonane er byrja å gå tom for straum. Ifølgje Hovdredningssentralen på Sola vart dei varsla via pårørandekontakt i Belgia.

– Vi har ikkje så mykje informasjon, utover at dei ligg i telt og har med seg mat og det dei treng for å overnatte og overleve, seier Felde.

Er førebudde

Går alt etter planen, reknar Felde med at dei vil bruke 10–12 timar på å få dei to turgåarane ned att frå breen. Tåke og null sikt er utfordrande, også for dei som er kjende i fjellet.

Sigurd Felde

SKAL HJELPE TURISTANE: Fjellførar Sigurd Felde i Noregsguidane skal fredag morgon hjelpe dei to turistane ned frå Supphellebreen.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Vi har med alt vi treng av breutstyr. Vi har med stegjern, isøks, issikringsmidlar, alt ein treng på blåis for å ta seg trygt fram.

Felde seier dei også tek med varme klede og nødutstyr til turistane.

– Vi tek også med nødustyr til oss sjølve, som vi håpar å ikkje bruke, fortel Felde, som seier dei må førebu seg på alle situasjonar.

– Det må du vere når du legg ut på slike turar, sjølv om vi er kjende.

Dårleg sikt

Hovudredningssentralen Sør-Noreg fekk melding om dei to turgåarane onsdag kveld i sjutida, fortel vakthavande redningsleiar Eirik Walle. Den dårlege sikta heldt seg utover torsdagen.

Supphellebreen

SIT FASTE: Dårleg sikt gjer at dei to turgåarane frå Belgia ikkje kjem seg ned frå Supphellebreen på eiga hand.

– Ingen er skadde eller lir naud, men dei treng assistanse for å ta seg ned på ein trygg måte. Med mindre vêret lettar, blir dei losa ned. Skulle vêret lette og dei finn seg ei god linje, har dei moglegheita til å klare seg på ei eiga hand. Men det ser ikkje så veldig bra ut for kvelden og natta, sa han torsdag ettermiddag.

Ikkje flyvêr

Fjellførarane har ikkje hatt kapasitet til å ta seg til Supphellebreen før fredag. Hovudredningssentralen har formidla at om dei to på breen hadde vore i nød, ville redningstenesta sett alle ressursar inn på å få dei ned snarast.

Dei meiner avgjerda om å legge seg i ro og vente på assistanse, er god.

– Vi har vore inne på tanken fly inn og hente dei. Men det er ikkje flyvêr. I og med at ingen er skada, reknar vi dette for å vere eit assistanseoppdrag, seier Walle.