Turistar set seg i livsfare for gode «selfiar»

– Om denne personen står under breen til feil tid, går det dårleg, seier fagansvarleg ved Norsk bremuseum i Fjærland.

Turist ved Haugabreen

FARLEG: Personen står rett under breporten framfor Haugabreen i Jølster. Det er ofte i dette område isen eller kollapsar, fortel Pål Kielland som er fagansvarleg ved Norsk bremuseum i Fjærland.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

To bussar med brasilianske turistar har parkert ved bremuseet i Fjærland. Dei har nettopp sett på breane, no skal dei lære om dei. Det trengst, fortel fagansvarleg ved Norsk bremuseum, Pål Kielland.

– Breen ser jo ganske snill ut der den ligg. Roleg, fin, blå og tiltrekkande. Folk vil gjerne bort å ta på og sjå nærare. Faren ved dette må vi formidle best mogleg, slår han fast.

Turistane blir meir og meir vågale i jakta på dei beste bilda, fortel Kielland.

Set bilda framfor sikkerheita

Pål Kielland, Norsk Bremuseum i Fjærland

LÆRER FOLK OM BREEN: Fagansvarleg Pål Kielland ved Norsk Bremusem meiner turistane treng å vite at breane kan vere farlege.

Foto: Kristina Bringedal Gedde

Problemet med turistar som går nære breane har vorte så stort at politi, nasjonalparkforvaltning, naturoppsyn, breførarlag og andre aktørar som har interesser ved breane har gått saman om å sette opp sperringar og fareskilt.

Eit tysk ektepar omkom på tragisk vis då dei trossa sperringane ved Nigardsbreen og breen kalva over dei i 2014.

– Folk vil gjerne vise kva dei har gjort og kvar dei har vore. Når folk ser marknadsføringa av Noreg, til dømes med klipper som Trolltunga og Preikestolen, så tenker dei at der vil eg også stå, eller den breen vil eg også stå ved.

Språkbarrierar

Språk er ei utfordring når dei skal formidle sikkerheit til turistane. Kielland viser til dei brasilianske turistane som renn inn i museet, og fortel at det er ikkje alltid så lett å få turistar til å forstå kva som er farleg og kva som er trygt.

– Folk kjem frå alle kantar av verda, og forstår gjerne ikkje engelsk. Då er det viktig at vi marknadsfører på ein slik måte at folk skjønar at dei ikkje må ta sjansar, meiner han.

fareskilt ved Haugabreen

FARE: Ved Haugabreen står fareskilt som fortel turistane at det er fare for å bli treft av is frå breen om dei går for nære. Det er ikkje alle som tek skilta seriøst.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Anne Rudsengen er Statens naturoppsyn sin representant i Jostedalsbreen nasjonalpark. Ho har vore med å sette opp skilt ved ni brearmar i området.

Ho har inntrykk av at dei fleste turistane forstår og har respekt for skilta.

– Når turistane kjem i nærleiken av brearmane møter dei på skilt i gult og svart, dei internasjonale fargane for fareskilt. Vi har tilfeller som ved Nigardsbreen der det er mykje folk, at nokon går forbi og så kjem det gjerne fleire etter, fortel naturoppsynet.

– Når sperringa står på slik avstand at ein ser at her er det farlig å gå forbi, så forstår dei.

Både Kielland og Rudsengen meiner det er viktig å spre kunnskap om korleis turistane kan ferdast trygt på bre.

– Dei som driv marknadsføring av Noreg må få med at det finst fare med brear, men også at det finst trygge alternativ for dei som vil sjå på eller gå på den.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.