Hopp til innhold

Turguide treft av stein – må hentast med helikopter

Ein turguide vart treft av ein stein under ein tur på Skagastølstindane i Luster.

Turtagrø - fjellheim

REDNINGSAKSJON: Helikopter har teke seg ei runde i fjellheimen der ein mann i tjueåra vart treft av ein stein på Skagastølstindane i føremiddag. Tåke kan gjere det vanskeleg å kome til med helikopter.

Foto: Ingvild Eide

SISTE: Den skadde mannen og dei fem andre i turfølgjet blei henta med helikopter i halv to-tida i natt. – Dei blei frakta til Sogndal. Vi har ikkje noko meir informasjon om skadeomfanget, opplyser politiet.

22:08: Operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Frode Kolltveit, seier det går sakte framover, men håpar redningsgruppa nærmar seg turfølgjet. Helikopteret er tilbake i Florø og ventar på fleire beskjedar. Vêret førte til at det vart vanskeleg å ta seg fram i fjellheimen. Elles melder politiet at dei har jamleg kontakt med den skadde. Det verkar ikkje som det er alvorlege skadar på mannen som vart treft av stein, men det er vanskeleg å ta seg fram i terrenget.


19:23: Helikopteret har sett av klatrarar i fjellheimen som vil ta seg fram til turfølgjet, melder politiet.

18:57: Politiet melder at helikopter tek med seg tre personar frå Alpin Redningsgruppe og flyr inn mot staden der dei involverte er. Det er noko uvisst om dei kjem seg heilt bort til den skadde.

Ifølge politiet skjedde uhellet like før klokka 12 i føremiddag og redningshelikopteret vart sendt ut frå Florø. Turguiden er ein mann i tjueåra. Mannen som vart treft hadde med seg to andre då uhellet skjedde.

Politiet melder at helikopter har landa på Turtagrø klokka 17.26. Helikopteret har teke ei runde i fjellområda, og dei opplyser at det er noko tåkete i fjellheimen. Det vil no bli teke ei vurdering på korleis den skadde skal hentast ut.

Hovedredningssentralen seier til NRK at mannen er i dårleg forfatning og har vanskar for å ta vare på seg sjølv og dei to personane som er med som turfølgje. Vidare seier dei at det er noko dårleg vêr, noko som kan gjere det vanskeleg å kome til med helikopter. Turfølgjet er på mellom 2100-2400 høgdemeter.

TREFT AV STEIN: Ein mann i tjueåra var turguide då han vart treft av ein stein på Skagastølstindane.

– Svært uheldig situasjon

Jostein Aasen er guide i Norgesguidene. Han fortel at ein slik situasjon er veldig lei å kome i, både som guide og som turfølgje.

– På dei høge fjellområda som dei involverte oppheld seg i så er ein langt vekke frå folk, det er høgt oppe og det kan fort verte kaldt dersom ein står lenge i ro.

Det er eit populært turområde, og Aasen seier at det er ein periode med gode forhold for å ta seg fram i fjella. Vidare seier han at han ikkje veit konkret kva som har hendt i denne situasjonen, men at det ikkje er vanleg å bli treft av stein der.

Dersom helikopter ikkje kjem seg fram seier han at frivillige redningstenester må opp og hente dei involverte.

– Men det er noko som vil ta tid, for dei er langt vekke frå folk og bilveg. Så det kjem an på kor høgt opp eit helikopter eventuelt kan fly eit redningsteam.

Asen uttaler seg på generelt grunnlag, og seier at denne situasjonen ikkje har noko tilknyting til Norgesguidene.