Hopp til innhold

Turbo-Tora sikra Norge VM-gull - Flatland jublande glad

Ein fantometappe frå Tora Berger sikra Norge VM-gull i kvinnenes stafett i skiskyting i Nove Mesto. Dermed har Ann-Kristin Aafedt Flatland fått sitt første VM-gull i kvinnenes stafett.

Tora Bergers siste skyting på VM-stafetten. Se video her!

Her skyter Tora Berger for norsk gull

– Dette kjennest utruleg bra. Alle jentene gjorde gode etappar, seier Ann Kristin Aafedt Flatland til NRK.no då sigeren var eit faktum.

Men ho var ikkje åleine om å tru at løpet var køyrt, iallfall når det gjalt ein plass øvst på pallen.

– Eg var nervøs då Tora gjekk, men ho synte nok ein gong at ho er best i verda, jublar Flatland.

Har vore mange tunge år

Ho legg ikkje skjul på at VM-gullet smakar godt. Førre gong kvinnene tok gull på VM-stafetten var i 2004.

– Det har vore mange tunge år, men no har det gått veldig bra dei siste åra. Vi har eit fantastisk støtteapparat rundt oss, seier Flatland.

Før start var ho uvanleg nervøs..

– Eg var veldig nervøs før vi starta. Det er sjeldan eg er så nervøs, seier Flatland til NRK.no.

Klarte ikkje ta inn noko særleg

Løypa i Nove Mesto var som skreddarsydd for vikjajenta, men Flatland fekk eit dårleg utgangspunkt då ho gjekk ut på andre runde i kvinnenes VM-stafett.

Hilde Fenne som gjekk første etappe bomma to gonger på første skyting, og måtte til slutt gå ein runde på andre skyting. Dermed var Flatland 57 sekundar bak då ho gjekk ut.

– Eg bestemte meg for å gjere eit godt løp, men eg klarte ikkje å ta inn noko særleg. Eg var redd for at eg tapte ein del, seier Flatland.

Tykte ho gjekk eit bra løp

Flatland skaut fullt hus på første skyting, og måtte ut med eit ekstraskot på andre skyting. Men ho klarte ikkje å gå Norge på resultatlista.

– Eg tykte eg gjekk eit godt løp, men i dag var eg berre ikkje betre, seier Flatland.

Synnøve Solemdal var derimot i storform og skaut fullt hus på første skyting, måtte ha eitt ekstraskot for å fylle på andre skyting. Ho sende til slutt Tora Berger ut på sisterunden på 4. plass, 38,6 sekundar bak teten.

Berger skaut fullt hus på første skyting, måtte ut med eitt ekstraskot på siste skyting, og fossa fram i løypa og knuste både Ukraina og Italia i løypa.