Hopp til innhold

Norge tok 4. plass på stafetten

Det var ein tung dag for dei norske skiskyttarjentene i dagens stafett i Anterselva. Ann Kristin Aafedt Flatland måtte bruke tre ekstraskot på sine to rundar.

Ann Kristin Aafedt Flatland

TUNG DAG: Både Ann Kristin Aafedt Flatland og resten av det norske stafettlaget hadde ein tung dag både på standplass og i løypa i dag.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Fanny Welle-Strand Horn gjekk første etappen for Norge.

På første liggjande vart det ein bom, og dermed eitt ekstraskot. Horn gjekk ut som nummer 10, men gjekk seg opp to plassar til andre skyting.

Der måtte ho ut med to ekstraskot, og gjekk ut som nummer ni, 33 sekund bak leiaren.

Tyngre på andre skyting

Synnøve Solemdal veksla som nummer 9, 36,3 sekund bak Polen. Ho gjekk opp tre plassar til første skyting, der ho klarte seg med eitt ekstraskot, og gjekk ut 51 sekund bak Polen.

På andre skyting vart det dermed litt tyngre, og etter tre ekstraskot vart det ein runde på Solemdal. Ho gjekk ut på 5. plass, 1.26,2 bak Polen som leia.

Gjekk trått i sporet

Ann Kristin Aafedt Flatland vart send ut på 5.plass. 1,27 bak Polen. Ho måtte ut med eitt ekstraskot på første skyting, og tapte ytterlegare 10 sekund til teten. På andre skyting vart det to ekstraskot.

Både Tyskland, Polen og Frankrike skaut fulle hus, og fekk dermed ytterlegare distanse til dei bak.

Fullt hus på første skyting

Flatland sende Tora Berger ut på siste runde på 6. plass, 2.05,5 bak teten. Heller ikkje Berger hadde dagen i dag. Ho skaut fullt hus på første skyting, men på andre skyting vart det to bom.

Iherdig innsats i sporet sikra likevel Norge 4. plassen, 1.19,5 bak vinnarane Tyskland.

Tyskland vann stafetten framfor Russland og Frankrike.