Trur på god turistsesong

Reiselivsnæringa ventar endå fleire turistar i år. Det vil kome på toppen av veksten i fjor som var eit godt år, låg kronekurs er ei viktig årsak til utviklinga.

Tyske turistar ved Oldevatnet i Stryn kommune.

BUSSTURISTAR: Ei gruppe tyske bussturistar ved Oldevatnet, reiselivsnæringa ventar endå fleire besøkande i år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord seier dei merkar trenden.

Ståle Brandshaug

OPTIMIST: Ståle Brandshaug er dagleg leiar i Visit Sognefjord.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

– Vi forventar vekst. Vi hadde ein bra sesong i fjor og vi har vel forventningar om tilsvarande vekst no i 2015, ein plass mellom fem og 10 prosent.

Etter fleire magre år peikar pilene no oppover for reiselivet. I fjor auka endeleg talet turistar, neste år vil veksten halde fram.

Drahjelp frå god kronekurs

Brandshaug i Visit Sognefjord gler seg over utsiktene.

– Det er klart at kronekursen hjelper oss. Det gjer også eit oppsving igjen i økonomien i Europa, og delvis også i USA.

Richard Grov

TRUR PÅ GOD SESONG: Richard Grov er direktør ved Hotel Alexandra i Loen.

Foto: Haakon Blaauw / NRK

Ved den største hotellverksemda i fylket, Hotel Alexandra i Loen, veit hotelldirektør Richard Grov at tidene alltid er skiftande.

– Vi kjem til å få ein god turistsesong også i 2015.

Til sommaren er det venta mange utlendingar, men utfordringa som reiselivet endå ikkje har løyst er å gjere sesongane lenger, i staden vil turistane strøyme hit i hopetal midtsommars for deretter å forsvinne.

– Det er ikkje nødvendigvis smart å få alle turistar inn ein veldig kort og intensiv sommarsesong, seier Grov.

Familiehotella blir vinnarar

Innovasjon Norge sin reiselivsdirektør Per Arne Tuftin seier fallande oljepris og kronekurs bidreg til veksten

Per-Arne Tuftin

FAMILIEHOTELLA BLIR VINNARANE: Per Arne Tuftin er reiselivsdirektør i Innovasjon Norge.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Vi ventar ein auke på ferie og fritid på om lag fem prosent

Talet turistar aukar, aukande er også forventningane til dei reisande. Innovasjon Norge trur framtida no er lysast for dei veldrivne familiehotella.

– Eg trur faktisk dei kjem til å bli vinnarane framover. Dei tilbakemeldingane vi får frå utanlandske, både turistar og turoperatørar, er nettopp dette med dei som set vertskapsrolla i fokus, det er dei som kjem til å bli vinnarane.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.