Hopp til innhold

Trur oppgangen i melde russevaldtekter skuldast mindre mørketal

I 2017 vart det meldt om fem fleire valdtektssaker knytt til russefeiringa enn i 2015. Kripos trur årsaka er at fleire no melder ifrå om hendingar.

Russ

STRAFFBAR TREND: Av 16 melde valdtekter blant russen i 2017 vart fire av dei filma. Det har det blitt meir av dei siste åra i takt med auka i talet på smarttelefonar og kor mange som er på

Foto: Kyrre Lien / NTB scanpix

– Vi trur ikkje at det har vore ei auke i talet på valdtekter, men at det er fleire som melder ifrå. Vi ser at talet på dei som melder har auka, spesielt etter at det har fått meir fokus den siste tida, seier Ann Kristin Grosberghaugen, leiar for valdtektsseksjonen i Kripos.

I dag tidleg kom tala på valdtekter knytt til russefeiringa i fjor. Den viser at totalt 16 russ melde ifrå i fjor mot 14 året før. I 2015 var det 11. Hendingane er skjedde over heile landet.

Ny straffbar trend

Av dei 16 melde valdtektssakene i fjor vart fire av dei filma. Av desse vart minst tre delt i sosiale medium viser Kripos sine tal.

Det kan få store konsekvensar for dei som deler videoen.

– Det er noko av det vi vil åtvara mot. Å filme kan ein bli meld for og det er straffbart å dela krenkande bilde sosiale medium. Vi har sett ein auke etter at alle har fått smarttelefonar. Deling av video og bilde kan ein bli domfelt for i ettertid og om slikt innhald først kjem på nett er det vanskeleg å bli kvitt det, seier Grosberghaugen.

I ein tredjedel av sakene var det personar som observerte valdtekta utan å gripe inn.

Kripos har i år som tidlegare kampanjen «Vær en kjernekar» med fokus på å passa på kvarandre i russetida. 40 prosent av politimelde valdtekter i Norge skjer i samband med fest.

Råd til russ og foreldre

Over heile landet er russetida rett rundt hjørnet titusenvis av avgangselevar på vidaregåande skule. I den anledning har Vest politidistrikt sendt ut ei liste med råd for både russ og foreldre, samt kva dei er ekstra opptatt av i russetida.

– Vi ønsker at russen skal ha ei trygg russetid og råda er sendt ut for at både foreldre og russ skal gjera det dei kan for å unngå hendingar ein ikkje vil ha, seier lensmann i Sogn, Ingen Lill Lanes.

Frå politiet si side vil dei følgje ekstra med på sal av narkotika til russen, trafikktryggleik, mindreårige som vert med på «rulling» og seksuelle overgrep og valdtekter.

– Dei beste råda til russen er å ta godt vare på kvarandre. Mange unge som er russ har ikkje så mykje erfaring med å drikka alkohol og ein kan fort gå litt over grensa. Då vert ein ekstra sårbar, seier Lanes.

Blant råda til foreldre er desse:

  • Sjølv om barnet ditt er myndig, er det framleis viktig at du er der for dei.
  • Vêr tilgjengeleg på telefon heile døgnet.
  • Vêr klar til å hente ungdommen dersom dei ber om det. Engasjer deg i det russen din gjer.
  • Be om hjelp frå til politiet dersom du er uroa.
  • Vêr tydeleg på kor grensene går.