Hopp til innhold

Trur ikkje køyrevanane blir endra når Førdepakken kjem

No er det ein månad til det blir bomring rundt Førde sentrum.

Førdepakken bomring

BOMSTASJON: Her kjem snart éin av dei fem bomstasjonane kring Førde sentrum. Bomstasjonane skal byrje å brukast 3. oktober.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Om litt over ein månad kostar det 26 kroner å køyre inn i Førde sentrum med bil (sjå faktaboks). Dette vil bli ein betydeleg ugift for bilistar i Førde-området, men det verkar ikkje som at folk i Førde tenker så mykje på det enno.

Jørgen Hjelmeland bur 50 meter utanfor bomringen og vil derfor få nye utgifter frå 3. oktober når bomstasjonane er på plass. Han køyrer mykje bil, men han trur ikkje bomutgiftene vil påverke vanene hans.

– Det er ikkje så farleg. Det blir litt meir utgifter, men det er ikkje så nøye, seier han.

Tener 1,6 mrd

Arve Seger

PROSJEKTLEIAR: Snart er det endeleg grønt lys for Førdepakken, som Arve Seger er prosjektleiar for.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Arve Seger er Førde kommune sin prosjektleiar for Førdepakken, og trur ikkje det vil påverke trafikken noko særleg at folk må byrje å betale for å køyre bil.

– Vi ser frå andre stader at trafikken går litt ned med det same etter at bommane kjem, men så tar den seg opp att etterkvart, seier bomsjefen.

Bommane skal gi inntekter dei neste tolv åra og skal finansiere infrastruktur i Førde for over 1,6 milliardar kroner. Nye vegar skal avlaste dei mest trafikkerte vegane i sentrum, og det skal bli lettare å ferdast som fotgjengarar og syklistar.

Jørgen Hjelmeland som køyrer mest bil, liker ikkje at han skal betale for noko han ikkje kjem til å få nytte av sjølv.

– Det er dumt å betale på noko når det er så lenge til det blir ferdig. Og det skal finansiere sykkelvegar, så då er det dumt at bilane skal bli belasta, seier han.

Om litt over ein månad kostar det 26 kroner å køyre inn i Førde sentrum med bil.

SNART KLARE: Bommane skal gi inntekter dei neste tolv åra og skal finansiere infrastruktur i Førde for over 1,6 milliardar kroner.

Vil køyre som før

Alternativa for dei som ikkje vil betale bompengar, er å gå, sykle eller å køyre elbil. Astrid Kalstveit går til jobb kvar dag, men andre i husstanden køyrer bil, så det likevel bli utgifter.

Astrid Kalstveit

FOTGJENGAR: Astrid Kalstveit går til jobb og trur Førdepakken er positivt for Førde.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

– Eg trur det er positivt med ein bomring. Det kan føre til at folk tenker seg om og kanskje vil gå og sykle meir, seier ho.

Harald Øvrebø køyrer bil, men trur han kjem til å køyre som vanleg. Han er litt delt i sine meiningar om saka.

– Det blir jo mange utgifter etterkvart. Men det er veldig bra at vi får trygge vegar for fotgjengarar og syklistar, og då tenker eg spesielt på borna sin tryggleik, seier han.

No er det uansett ikkje noko han kan gjere med saka.

– Vi er nøydde til å betale. Så enkelt er det.

Her kjem bomstasjonane

HER KJEM BOMSTASJONANE: Fem autopass-master blir sett opp langs innfartsårene til Førde sentrum (merka med gule prikkar).

Foto: Førdepakken