Hopp til innhold

Trur høgdeproblema for brannvesena berre vil auke

Med stadig meir fortetting, også i bygdesentrum, trur beredskapssjef Haavard Stensvand behovet for privat hjelp vil auke når brannvesenet skal sløkkje brannar i høgda.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand

MÅ VURDERE: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand seier kommunane må vurdere si eiga brannordning.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det seier seg sjølv at det kan vere eit problem. Det vert bygd meir i høgda og det skjer ei fortetting i mange bygdesentrum, så desse problemstillingane vil nok auke i omgang, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Då det natt til torsdag førre veke tok fyr i toppetasjen i rådhuset Heradsheim i Gloppen, måtte brannvesenet låne lift frå ein privatperson fordi dei ikkje hadde høgdeutstyr sjølv. Dagen etter måtte brannvesenet i Måløy nytte same løysing då det tok til å brenne i toppen av eit forretningsbygg i Måløy.

Brannsjef i Måløy, Kim Hjelle, fortel at dei har ei ringjeliste til folk som har lift.

– Men slikt tek tid, og vi har ikkje med oss liften i den første utrykkinga, seier Hjelle.

Må gjere ei vurdering

Stensvand legg til at det ikkje nødvendigvis treng å vere slik at brannvesenet sjølv skal eige ein stigebil eller brannlift.

– Men det brannvesenet og kommunane må gjere er å lage ei vurdering av si eiga brannordning der ein må basere seg på ein analyse av den risikoen som er i kommunen, seier Stensvand.

Han legg til at dersom kommunen har mange høge hus der det ved brann er aktuelt med evakuering, må ein tilpasse brannordninga til den utfordringa.

– Det å låne av private må vere heilt i orden. Men då bør det vere ein planlagd beredskap og ei form for avtale med den som eig den type utstyr, seier Stensvand.

– Meiner du det er godt nok at brannvesenet er avhengig av private for den type utstyr?

– Vi snakkar om relativt dyre ting, og med ein kommuneøkonomi som mange stadar er ganske knapp, så må ein vurdere om det er rett å kjøpe ein stigebil, eller om ein heller bør bruke pengane på andre typar utstyr, seier Stensvand.

Er utfordringar med privat hjelp

Han legg likevel til at det er utfordringar knytt til avtalar med private.

– Det kan jo vere at dette utstyret står ein heilt annan plass akkurat når brannvesenet har trong for det på eit gitt tidspunkt. Det er sjølvsagt sikrare med det utstyret som brannvesenet rår over, seier Stensvand.

Han er klar på at det å måtte låne utstyr på bygda, slik som brannvesenet både i Måløy og Gloppen måtte førre veke, er ei utfordring for beredskapen.

– Det er ei utfordring for liv og helse at fleire folk etter kvart bur i høge hus. Brannvesena rundt om i kommunane må iallfall ha tenkt nøye gjennom korleis dei skal handtere slike situasjonar og lage ei brannordning som følgjer opp det, seier Stensvand.