NRK Meny
Normal

Trur gruvemotstandarane kan vinne kampen

Mardøla-aksjonen, Alta-saka, Hardanger-aksjonen: Store protestar og sivil ulydnad, men utbyggingar vart det likevel. Synnøve Kvamme trur gruveaksjonane i Vevring kan bli langt større enn i Hardanger.

Synnøve Kvamme som blir arrestert av poitiet

SJU POLITIMENN: Sju uniformerte politimenn fjerna ei bunadskledd Synnøve Kvamme då Hardangeraksjonen tydde til sivil ulydnad i kampen mot kraftmastene i Hardanger.

Foto: Arnstein Karlsen

Dei færraste gløymer biletet av Synnøve Kvamme i Hardangerbunad som vart boren vekk av uniformert politi. Ho vart symbolet på aksjonane mot kraftmastene i Hardanger.

Men i dag ruvar mastene i terrenget.

– Ja, det gjer dei. Men sjølv om ein taper ein kamp, betyr ikkje det at kampen er uviktig. Sivil ulydnad er eit viktig verkemiddel for å få i gang ein større debatt om miljøspørsmål, og for å hindre at tilsvarande ting skjer i andre saker.

– Større sjanse for Førdefjord-aksjonen

Og den neste store kampen for miljørørsla kan kome til å stå i Naustdal. Nordic Mining planlegg å dumpe over 200 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden i samband med gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring.

Etter årevis med utgreiingar har både kommunen, Miljødirektoratet og regjeringa har sagt ja, og meiner at arbeidsplassane veg opp for miljøkonsekvensane.

Trening på sivil ulydnad ved Førdefjorden

ØVING: I helga var det berre øving under Natur og Ungdom sin sommarleir i Vevring i Naustdal.

Foto: Rune Fossum / NRK

I helga var rundt 250 ungdomar frå Natur og Ungdom samla i Vevring. Der trente dei mellom anna på å lenke seg fast for å hindre framtidig gruvearbeid. 1700 personar står på lista over dei som vil gjere seg til lovbrytarar for å hindre gruvearbeidet.

– Eg trur sjansen er stor for at mange fleire av dei som har meldt seg på i Førdefjord-aksjonen vil møte opp enn det som var tilfelle i Hardanger, seier Kvamme.

Ho hevdar at rundt 200 personar møtte opp til forskjellige aksjonar i Hardanger, men at ikkje alle vart fanga av media eller politiet.

– Vi hadde mange på lista vår vi også. Men Hardanger-saka er litt annleis enn Førdefjord-saka, for vi hadde nærmare 300 ulike mastepunkt og anleggsområde å dekke. Det er nok annleis i Førdefjorden, med langt færre aksjonsområde.

Trur ikkje kampen om Førdefjorden er over

Synnøve Kvamme

HARDANGER-AKSJONIST: Synnøve Kvamme.

Foto: Jørgen Eide

Kvamme fekk 10 000 kroner i bot og ventar framleis på å sone fengselsstraffa på éin dag. Men ho er ikkje i tvil: Aksjonane i Hardanger hadde ein effekt.

– Det viktigaste vi oppnådde var å sette eit søkelys på prosessen som hadde vore. Vi fekk bevist at sjølv om kraftlina var vedteke, var det ikkje det rette vedtaket, meiner ho.

Til trass for ja frå kommunen, Miljødirektoratet og regjeringa, trur ho ikkje kampen om gruveprosjektet i Førdefjorden er avgjort.

– Det er ikkje nødvendigvis slik at eit vedtak er det rette vedtaket. Fagekspertisen og miljøekspertisen er veldig kritiske. Eg trur engasjementet er så sterkt i denne saka, at kampen ikkje er over.

Ungdomane i Natur og Ungdom trenar på sivil ulydnad i Vevring

SJÅ TV-SAK: Leirdeltakarar frå Natur og Ungdom trente på sivil ulydnad under sin sommarleir i Vevring.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.