Hopp til innhold

Trur dieselbilane held stand i distrikta

Folk i distrikta let seg ikkje skremme av restriksjonane i byane for dei som køyrer dieselbilar, trur Jomar Haukås, som sjølv køyrer dieseldriven bil.

Jomar Haukås med bil

DIESELBIL: Jomar Haukås meiner vi treng skikkelige bilar for at det skal fungere i distrikta. Mange vel diesel som drivstoff sidan det er litt billigare enn bensin når ein køyrer mykje.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

I hovudstaden har dieselbilane måtta stå på grunn av høg luftforureining i det kalde vêret nokre dagar denne veka.

Der har dieselbilar blitt mindre populære på grunn av den dårlege lufta dei kan vere med å bidra til.

Det problemet får vi ikkje i distrikta, trur bilseljarar vi har snakka med.

– Det er ikkje nokon problematikk i distrikta i heile tatt. Her er nok brorparten av bilane vi sel dieselbilar, fortel Håkon Nesse på Berge og Co i Sogndal.

Ville ha ein skikkeleg bil

På bensinstasjonen utanfor Sogndalsfjøra avløyser den eine dieselbilen den andre. Ein svart pick up svingar inn. I den er Jomar Haukås sjåføren,

– Eg tenkte nok ikkje så mykje på luftforureining då eg kjøpte denne bilen. Her i utkantane er vi avhengige av skikkelege bilar for å fungere, fortel han om kvifor han valde dieselbil då han skulle ha nytt køyretøy sist.

Haukås er ikkje redd for at restriksjonane i byane skal gå ut over verdien på bilen hans om han ein gong skal selje.

– Ein får berre tilpasse seg etter kvart. Eg var tidleg ute med elbil for 13 år sidan. Den kunne køyre ei mil før den stoppa, det var moro det. Så det blir nok elbil etter kvart.

– Men enn så lenge held du deg til dieselbil?

– No treng eg dieselbil, ja.

Bilar på vinterføre

KALDT: Om vinteren kan det bli kaldare ved bakken, og varmare opp i atmosfæren. I byane der trafikken er stor kan forureininga legge seg som ein lok over byen. I distrikta skal det meir til for at vi får liknande forureining av lufta.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Ikkje redd for å miste verdien

Håkon Nesse på Berge og Co fortel at dei ikkje får mange spørsmål om luftkvalitet når kundar skal bestemme seg for bensin- eller dieselbil.

– Me bur jo meir grisgrendt, og det er lengre mellom folka. Då merkar me ikkje så mykje til dårleg luftkvalitet, slik dei gjer i byane. Så det folk er opptekne av er generelt forbruk. Og dieselbilar brukar lite og er rimelege i drift, meiner Nesse.

Det er utslepp av NOx, eller nitrogendioksid, som gir dårleg luftkvalitet dei dagane det er inversjon.

Nesse trur utslepp av klimagassen CO₂ er viktigare for folk i distrikta når dei skal kjøpe bil.

– Med tanke på global oppvarming er jo dieselbil vinnaren.

Håkon Nesse Berge og Co

BILSELJAR: Håkon Nesse sel nye og gamle bilar på Berge og Co. Han fortel at dei sel flest bilar som går på diesel.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

På Toyota Sogn sel dei for det meste hybridbilar. Dagleg leiar Tor Arne Ness har også fått med seg dieselbil-forbodet dei siste dagane. Han trur heller ikkje restriksjonane i byane vil påverke kva type drivstoff folk vel i distriktet.

– Det er nok ikkje same fokus på drivstoff her som i byane. I og med at det har vorte sanksjonar no, så har dieselmarknaden stupt veldig i Oslo. Eg trur ikkje vi får same effekten i Sogn og Fjordane, seier Ness.