Hopp til innhold

Luftmålarane viser liten helserisiko i Oslo

Tysdag ettermiddag lyser det grønt på alle målestasjonane som overvakar luftkvaliteten i Oslo.

Forurensing i Oslo 17. januar

Målarane er grøne klokka 12 tysdag ettermidag.

Foto: Luftkvalitet.info

Klokka 06.00 tysdag 17. januar vart dieselbilforbodet sett i verk fordi det var varsla akutt helseskadeleg forureining i Oslo sentrum.

Fram til no har kvaliteten vore god, dersom ein skal tru informasjonen frå luftmålarane som Bymiljøetaten brukar. Men ved målestasjonane på Hjortnes og Alnabru gjekk det ein liten periode over frå grønt (lite) til oransje (moderat) helserisiko. No er alt grønt igjen.

Ifølgje Bymiljøetaten sine nettsider var nitrogendioksid årsaka til at nivået steig.

Snøen hjelpte – men spår dårlegare luft etter kvart

Tommy Skjervold

Tommy Skjervold i Oslo Frp meiner dieselforbodet må avbrytast umiddelbart.

Foto: Olav Juven / NRK

Snøvêret vi hadde i morgontimane i Oslo var kortvarig. Det kjem nok ikkje til å halde seg på eit så lågt nivå utover dagen, seier kommunikasjonssjef ved Norsk institutt for luftforsking (NILU) Christine F. Solbakken.

– Vi håper mange let dieselbilen stå i dag, vi trur jo at dei aller fleste er med på dugnaden, seier Solbakken.

Oslo Frp: – Avbryt forbodet umiddelbart

Talsmann for samferdsel i Oslo Framstegsparti, Tommy Skjervold meiner heile dieselforbodet bør avbrytast, fordi han seier at ekspertane har bomma på varselet.

– Det finnast andre måtar å hjelpe dei som får problem med lufta på, blant anna å betre kollektivtrafikken slik at folk ikkje blir råka så hardt som no.

Skjervold meiner tiltaket ikkje kan forsvarast, fordi det gir for mange negative konsekvensar.

Det er Bymiljøetaten ueinige i.

– Det har vore snøfall i natt som har gjort at det er endringar i dei målingane vi varsla i går. Men utover dagen i dag er det likevel venta eit høgt nivå av forureining, seier overingeniør i Bymiljøetaten Susanne Lützenkirchen.

Skulle ha vore raudt nivå klokka 08

Eksos

Forureininga på morgonen 17. januar vart spådd å vere akutt helsefarleg for svært mange menneske.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

I går ettermiddag var det spådd at veldig tidleg på morgonen skulle forureininga vore på eit oransje nivå, og klokka 08.00 skulle det bli raudt.

I skrivande stund har klokka passert 10, og ved to målestasjonar er kvaliteten endra frå grønt til oransje nivå

– Det blir spennande å sjå kva som skjer under den tettaste rushperioden, som er no. Det vi håper er at varselet framover er feil og at det vil halde seg på grønt nivå. Målestasjonane våre måler kontinuerleg, seier Solbakken.

Framleis ingen teikn på svært farleg forureining

På grunn av kaldt og stille vêr var det fare for inversjon, eit fenomen som oppstår når temperaturen er varmare oppe i troposfæren og lågare nærmast bakken. Sidan kald luft er tyngre enn varm luft, er eit luftlag med inversjon svært stabilt, og fungerer som eit «lok» over byen, skriv Bymiljøetaten.

Du risikerer å få eit gebyr på 1500 kroner dersom du likevel køyrer dieselbil i løpet av dieselbilforbodet. Det er politiet og Statens vegvesen som skal handheve forbodet.

Men der er sjølvsagt unntak, dei kan du lese om her.

Ho anbefaler folk å følge med på luftkvalitet.info.

Dieselforbud i Oslo

Dieselbilforbodet i Oslo vart innført for å avgrense den varsla luftforureininga.

Foto: Birgitte Wold Ingebretsen / NRK

Dieselbilforbodet vart innført for å avgrense den varsla akutt helsefarlege forureininga.

Forbodet mot ferdsel med dieselbil kjem til å vare heilt til Bymiljøetaten vurderer at behovet ikkje lenger er til stades. Det kan du følge med på Bymiljøetaten sine nett- og facebooksider.

Dersom byrådet fekk viljen sin, hadde dei takla luftproblemet annleis, seier dei til NRK. Då hadde dei heller skrudd opp bompengane til det femdoble.

AKTUELT NÅ