Hopp til innhold

Trugar med søksmål

Selskapet Qvam trugar med søksmål viss Førde kommune ikkje går bort frå kravet om å rive grindverket på gangbrua mellom to av handelshusa i Førde.

Jostein Fredly, dagleg leiar Qvam AS
Foto: Steinar Lote / NRK

I brevet til kommunen skriv advokaten at reaksjonsmåten til planutvalet er prega av hastverk, og at den ikkje er godt nok grunngjeven. Qvam meiner meiner pålegget om riving er tufta på faktafeil.

Selskapet Qvam vil kreve mellom fire og fem millionar i kompensasjon dersom rivingsframlegget blir ståande, og trur sjansane for å vinne fram i ei rettsak er god.

Bakgrunnen for saka er at eigaren av Handelshuset har endra form på grindverket utan at dei hadde fått løyve frå kommunen. Difor stoppa kommunen arbeidet på gangbrua tidlegare i vinter.