Hopp til innhold

Trua sjukepleiar med sparken

Helse Førde-direktør Jon Bolstad skal ha trua en sjukepleiar med sparken etter eit lesarbrev, skriv Bergens Tidende.

Sjukepleiar Torill Sørland ved Nordfjord sjukehus skreiv i fjor sommar eit lesarbrev i lokalavisa der temaet var slagbehandlinga i fylket.

Etter at innlegget stod på trykk skal Jon Bolstad ha ringt Sørland på fritida og truga henne med sparken.

 Ifølgje tillitsvald Marta Kjøllesdal skal Helse Førde-sjefen ha kjefta Sørland huden full for brevet. Han skal også ha trua henne med sparken.

- Bolstad har oppført seg svært kritikkverdig, meiner Kjøllesdal.

Kjøllesdal seier til BT at dei tilsette ved sjukehuet ikkje torer å seie frå om kritikkverdige tilhøve av frykt for å verte sparka av Bolstad.

- Ikkje hyggjeleg telefonsamtale

Jon Bolstad vedgår at han var "veldig tydeleg" i telefonsamtalen med Sørland. Bolstad seier han ville ha ei oppklaring etter lesarbrevet.

- Det vart ingen hyggjeleg telefonsamtale, seier Bolstad, som nektar for at han trua med sparken.