Hopp til innhold

Framleis tre stengde fjellovergangar

Tysdag morgon har kraftig vind for tredje dag på rad ført til trøbbel på fjellovergangane.

Hemsedalsfjellet

KOLONNE: Hemsedalsfjellet er tysdag morgon stengt for køyretøy under 7,5 tonn.

Foto: Statens Vegvesen / Webkamera

Medan snøkaoset herjar på Austlandet, er det utover dagen venta noko betring for fjellovergangane mellom Aust- og Vestlandet.

Tysdag morgon var E16 over Filefjell einaste fjellovergang open for fri ferdsle.

– Vinden skal roe seg noko, men det er ein del oppryddingsarbeid i høve til uvêret som har vore. Det vil nok ta litt tid før dei kan opne vegane. Entreprenørane står på og jobbar døgnet rundt, trafikkoperatør Lise Kristoffersen ved Trafikksentralen i Bergen.

Kristoffersen har førebels ikkje fått tilbakemelding på når fjellovergangane byrjar å opne.

Det har siste dagane blåst opp i orkan i fjella. Utover dagen i dag og veka er det venta fallande temperaturar.

Frå vest kjem i dag byevêr som byr på regn og sludd i ytre strok og snø i indre strok. Det kan påverke trafikken over fjellet.

– Når det er kuling ute blir det fort snøfokk og vanskelege køyreforhold, seier statsmeteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Slik er det på fjellovergangane, tysdag klokka 1400

  • E6 Dovrefjell: Ope for fri ferdsle. Snø- og isdekke, fare for glatte parti og stadvis redusert sikt på grunn av snøfokk.
  • E16 Filefjell: Ope for fri ferdsle. Snø- og isdekke, stadvis redusert sikt.
  • E134 Haukelifjell: Ope for fri ferdsle. Snø- og isdekke.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Ope for fri ferdsle etter oppryddingsarbeid.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Stengt på grunn av uvêr. Opnar ikkje i dag.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Snø- og isdekke, fare for glatte parti og redusert sikt. Kan bli kolonnekøyring på kort varsel.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Open for fri ferdsle etter oppryddingsarbeid.
  • Fv. 27 Venabygdsfjellet: Stengt på grunn av uvêr.
  • Fv. 50 Hol–Aurland: Stengt på grunn av oppryddingsarbeid.
  • Fv. 53 Tyin–Årdal: Snø- og isdekke.