Kolonnekøyring og stengde fjellovergangar mellom aust og vest

Kolonnekøyring og stengde fjellovergangar er det som pregar vegane mellom Aust- og Vestlandet måndag.

E6 ved Hjerkinn

STENGT: Det bles kraftig og er tidvis dårleg sikt på Dovrefjell. Biletet er frå Hjerkinn.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Vinden herjar i fjellet i Sør-Noreg. Det får spesielt reisande som skal over fjellovergangane merke.

Utover dagen vil det i tillegg til sørleg vind komme nedbør. Det kan bety framleis trøbbel for fjellovergangane.

– Det er dårleg vêr og det blir det litt utover morgontimane. Det kan hende det blir litt stengt framover, seier Kristian Fauskan ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Orkan på Folgefonna

E6 er blant fleire fjellovergangar som er stengde. NRK sin reporter, Geir Olav Slåen, fortel om kraftig vind og tidvis null sikt ved Fokkstugu fjellstove.

– Prognosane for å opne vegen er heller dårlege. Det bles godt og er venta både meir vind og nedbør, seier Slåen.

Vest Politidistrikt har ikkje fått mange meldingar om skade i løpet av natta, men i morgontimane reiste vinden med eit tak på ein tomannsbustad i Fjell kommune. Ingen personar vart skadde.

Meteorolog Lars Andreas Selberg ved Vêrvarslingar på Vestlandet

STATSMETEOROLOG: Lars Andreas Selberg fortel om mykje vind i Sør-Norge siste døgnet. – I Sogn og Fjordane vil det nok blåse jamt utover dagen, seier han.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Statsmeteorolog Lars Andreas Selberg seier vinden har vore kraftigast på kysten og i fjellet. I natt blåste det full storm ved Ytterøyane fyr og sterk storm på Myklebustfjellet i Bremanger og Kvamsfjellet i Jølster.

– Den kraftigaste vinden i landet målte vi på toppen av skisenteret på Folgefonna, der det var orkan, seier Selberg.

Kraftige vindkast

Dei kraftigaste vindkasta i landet vart også målt på Folgefonna, med 48,5 sekundmeter. Deretter følgjer Juvasshøet i Jotunheimen med 43,2 m/s og Mannen i Møre og Romsdal med 41,2 m/s.

Laster Twitter-innhold

I låglandet har Kråkenes den kraftigaste målingane med 38,9 meter i sekundet.

– Eg trur nok at dei aller fleste har merka denne vinden. Og den vil framleis blåse godt utover dagen, seier Selberg.

For Rogaland og Hordaland er den verste vinden over.

– I Sogn og Fjordane vil nok vinden halde seg stabil framover, medan toppen ikkje er nådd for Møre og Romsdal og Trøndelag. Den flyttar seg sakte nordover, seier Selberg.

Måndag og tysdag er det også varsla betydeleg snøskredfare i Indre Fjordane, Jotunheimen, Indre Sogn, Voss, Hallingdal, Hardanger og Vest-Telemark.

Slik er det på fjellovergangane

  • E6 Dovrefjell: Stengt på grunn av uvêr. Vegvesenet anbefaler omkøyring via riksveg 3 gjennom Østerdalen.
  • E16 Filefjell: Open for fri ferdsle
  • E134 Haukelifjell: Kolonnekøyring på strekningen Haukelitunnelen–Austmannalitunnelen på grunn av uvêr.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Stengt for køyretøy med totalvekt under 7,5 tonn, kolonnekøyring for køyretøy med over 7,5 tonn på grunn av uvêr.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Stengt på grunn av uvêr. Blir ikkje opna att i dag.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Kolonnekøyring på grunn av uvêr.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Stengt på grunn av uvêr.
  • Fv. 27 Venabygdsfjellet: Stengt på grunn av uvêr.
  • Fv. 50 Hol–Aurland: Stengt på grunn av uvêr.
  • Fv. 53 Tyin–Årdal: Stengt på grunn av uvêr.