NRK Meny
Normal

Trekte omstridd sak om ambulansetenesta

Helse Førde trekte saka som gjeld omleggingar i ambulansetenesta frå sakskartet på styremøtet fredag.

Jon Bolstad og Jorunn Ringstad

STYREMØTE: Jon Bolstad og Jorunn Ringstad under dagens styremøte i Helse Førde.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Helse Førde har lage eit dokument kalla "Målbilete og modell for ambulansetenesta 2015–2025. I dette dokumentet blir det mellom anna peika på at det kan vere aktuelt å slå saman ambulansestasjonar. Ambulansane i Askvoll, Lavik, Bremanger, og Selje er nemnde i den samanhengen.

I forslaget til styrevedtak i dag heitte det mellom anna: "Det vert opna for at ambulansetenesta kan konsentrere ambulansestasjonane til færre, men større stasjonar enn slik det er i dag. På den måten vil truleg enkelte stasjonar med liten aktivitet bli slått saman slik at einingane vert større."

– Dette er ikkje ei sak om ambulansestruktur, som mange oppfatta. Dette er ei sak om målbilde eller rammene for det – så det er eigentleg oppskriftene på ein ambulanseplan, seier administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde.

Mange ordførarar meiner dette er å vedta ein retning på det vidare arbeidet som dei vil ha innspel til, og har reagert kraftig på at saka ikkje har vore ute på høyring før møtet i dag. Det er årsaka til at saka vart trekt.

Vil ha opne prosessar

Ambulansetenesta i Helse Førde har 162 årsverk i 2014. Det er 19 ambulansestasjonar fordelt mellom dei fire områda Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn.

Jon Bolstad understreka i styremøtet i dag at Helse Førde ønskjer eit godt samarbeid med kommunane.

– Difor vel ein å ta ein annan prosess slik at kommunane oppfattar både intensjonane våre og ikkje minst korleis vi tenker prosessane.

– Designe på ein annan måte

Når saka no er trekt, blir den likevel ikkje send ut på høyring i denne runden. Bolstad er klar på at saka i denne omgang ikkje skal ta stilling til konkrete ambulansestasjonar. Målet med å trekke saka er difor å forme den om slik at det tydlegare kjem fram kva saka eigentleg handlar om, seier Bolstad

– Viss vi gjer endringar på det eksisterande, må det bygge på eit faktagrunnlag som man er einige om kva man skal legge vekt på. Og det var det denne saka skulle gjere i dag. Men når det ikkje blir oppfatta sånn, må vi ta eit steg tilbake og designe saka på ein annan måte.

(Artikkelen held fram under biletet)

I Askvoll fryktar dei at dei skal miste BÅDE ambulansen OG ambulansebåten. For Helse Førde ser no på om dei skal sentralisere til STØRRE og FÆRRE stasjonar. Dette gjer dei utan at kommunen har fått meine noko om saka.

– Kommunane skal høyrast

Ordførarane i Aurland, Askvoll, Balestrand, Selje og Hyllestad har kravd at Helse Førde sender målbilete og modell for ambulansetenesta 2015–2025 på høyring.

– Dei skal høyrast. Det har vi sagt heile tida. Når vi lagar ein ambulanseplan skal den sjølvsagt ut på høyring. Men vi har ikkje laga ein ambulanseplan. Vi har snakka om målbilde for tenesta, men når den blir oppfatta som ein plan, er det problematisk i kommunikasjonen med kommunane. Vi ønskjer ikkje å skape forvirring eller uklarheit, seier Bolstad.

– Mange kommunar er redde for at dei mistar ambulansestasjonen. Kva seier du til det?

– Det er ingen ting som skal skje over natta. Ingenting skal skje utan at kommunane blir høyrde og at det er gjort analysar kva som er viktig å vektlegge, seier Bolstad.

– Må bruke tid

Bolstad vil ikkje seie noko konkret om kva tid saka igjen kjem på styrebordet

– Vi må prøve å jobbe fram målbildet igjen slik at det blir veldig tydeleg at det er det vi gjer - det må bli våren 2015. Og så trur eg vi må bruke tid på den store analysen som går på meir den store ambulanseplanen som mange ventar på no.

Styremøte i Helse Førde

UTSET SAKA: Helse Førde har trekt saka som gjeld omleggingar i ambulansetenesta frå sakskartet på styremøtet i dag.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.