NRK Meny
Normal

Trekkjer seg som gruppleiar

Bjørn Hollevik valde i går ettermiddag å trekkje seg som gruppeleiar for Høgre i Flora.

Bjørn Hollevik og Bjørn Lødemel.
Foto: Oddleif Løset/NRK

Det har lenge vore sterk intern uro i partiet. Det toppa seg denne veka då lokallaget vraka Hollevik og i staden sette omstridde Jacob Nødseth på topp i sitt framlegg til stortingsvalliste.

Hollevik seier at den manglande tilliten frå lokalpartiet har vore avgjerande for at han no trekkjer seg.

Til Firdaposten seier Hollevik at han gjer dette for å skape ro i partiet.

– Det var vel kanskje det som fekk begeret til å flyte over, for å seie det slik. Det har vore uro i lokallaget for lenge, og med det som skjedde sist tysdag så var det klart eg var nød til å gå i tenkeboksen.

Vraka få stortingslista til lokallaget

Hollevik avviste fredag morgon overfor NRK Sogn og Fjordane at han ville trekkje seg som gruppeleiar, men kom seinare på dagen på andre tankar.

– Eg var først veldig offensiv og tenke at eg skulle kjempe meg tilbake til den tilliten som eg meinte eg trengde. Men eg ser at det ikkje alltid er det som er det viktigaste, å «fighte» for ting som eigentleg dreier seg om personmotsetningar. Då er det viktigare å få fram saker, seier Hollevik til NRK.

– Dersom det er slik at eg som person står i vegen for politikken i lokallaget, då ynskjer eg heller å utføre jobben min som er ein nyttig støttespelar i bystyregruppa, legg han til.

Håpar å skape ro i partiet

Den avtroppande gruppeleiaren seier han framleis ynskjer å medverke sterkt i bystyregruppa der det fell seg naturleg, og at han vil gjere sitt beste for å støtte opp under ordføraren og den nye gruppeleiaren sitt arbeid.

Sjølv om han no trekkjer seg som gruppeleiar, har han ingen intensjon om å trekkje seg frå lokalpolitikken.

– Føremålet med det er å få arbeidsro i gruppa slik at vi kan fokus på politisk arbeid. Det er det partiet treng no. Det er det beste for partiet vårt. Dette er mitt bidrag, seier Hollevik.

Held fram i lokalpolitikken

– Eg er trygg på at vi når vi no skal ha eit møte på søndag der vi skal drøfte vidare politikk i Flora så vil andre bidra på sin måte slik at vi kan oppnå det som eg trur dei fleste av oss ønskjer.

Det at Hollevik no trekkjer som gruppeleiar, betyr ikkje at han også gir seg i lokalpolitikken.

Nei, det har eg vore klar på også tidlegare. Skal ein drive politikk så får ein alltid dei beste resultata ved å vere på innsida av partiet, og ikkje på utsida.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå