Hopp til innhold

Har ikkje sett liknande sak på ti år

I går vart Jacob Nødseth ekskludert av Flora Høgre. Generalsekretær i Høgre, Lars Arne Ryssdal, kan ikkje hugse ei eksklusjonssak frå dei siste ti åra.

Ryssdal og Nødseth

SENTRALSTYRET: Generalsekretær i Høgre, Lars Arne Ryssdal (t.v.) opplyser at viss det vert aktuelt å prøve saka, er sentralstyret endeleg ankeinstans. Jacob Nødseth har varsla at han vil gjere alt for å reinvaske seg.

Foto: Jarl F. Erichsen/Erlend Blaalid Oldeide / NTB Scanpic/NRK

– Eg kan ikkje seie så mykje anna enn at eg er vorten gjort kjend med vedtaket i Flora Høgre, og vi er også kjend med at dette har ei relativt lang forhistorie. Vi har også blitt konsultert i ei tidlegare fase for å forsøkje å finne løysingar på saka, men utover det vil eg ikkje kommentere realitetane i saka, seier Ryssdal.

Han legg til at det er Flora Høgre som har gjort vedtaket, og viss det vert aktuelt å prøve saka, så er sentralstyret endeleg ankeinstans.

Må ta stilling for eller i mot

Den profilerte Høgre-politikaren Jacob Nødseth vart ekskludert frå Flora Høgre berre timar før Erna Solberg presenterer si nye regjering på Slottsplassen.

Nødseth er ekskludert for å vere illojal og ufin både mot partiet og partifellar.
Lokallagsleiar Vidar Grønnevik sa tysdag kveld at dei ikkje såg nokon annan utveg.

Jacob Nødseth varsla allereie i går kveld at han ønskjer eit møte med fylkesstyret, og på sikt sentralstyret for å leggje fram si sak.

– No er det snakk om å ta stilling for eller i mot det vedtaket som er gjort, meir enn å drøfte saka. Men det er klart at det vil vere høve til å gje uttrykk for sitt syn på det vedtaket som er fatta, men det får vi komme tilbake til når saka eventuelt kjem til handsaming, seier Ryssdal.

Sjeldan ein må handsame slike saker

Han legg til at eksklusjonssaker ikkje er kvardagshendingar for partiet Høgre.

– Det er svært sjeldan slikt skjer. Vi har vel ikkje hatt eksklusjonssaker dei siste ti åra som har vorte prøvde for sentralstyret, så det er sjeldan. Det er ikkje tvil om at det er sjeldan at vi treng å handsame saker av denne typen, seier Ryssdal.

Men han vil ikkje seie meir om kva det betyr at ei slik sak no har komme på bordet i partiet.

Jacob Nødseth

VIA MEDIA: Jacob Nødseth fekk vite om eksklusjonen gjennom media, og er på ferie på Kanariøyane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg vil ikkje kommentere realitetane i saka, men at dette har vore ei konflikt som har pågått ei stund, er vi kjende med. Og så har det kulminert i dette vedtaket, seier Ryssdal.

– Kva tenkjer du om timinga her?

– Timinga har eg ikkje nokon kommentar til. Det er naturleg for lokallaget å handsame saka, og så tek vi ho dersom ho kjem på vårt bort sentralt, seier Ryssdal.

Tykkjer det er synd

Frank Willy Djuvik i Sogn og Fjordane Framstegsparti er overraska over vendinga saka har teke. Han har i Flora bystyre samarbeidd tett med, og vore ein offentleg støttespelar for Nødseth.

– Personleg vil eg seie at eg tykkjer det er synd at Jacob Nødseth, som i svært mange saker står fram som ein dyktig og reflektert politikar og forstår rolla si som folkevald, no står partilaus. Men Høgre må få gjere dei vurderingar som dei vil, seier Djuvik.

Frank Willy Djuvik

VELKOMMEN: Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet, seier Nødseth er velkommen dit, viss han vil skifte parti.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Kva seier dette deg?

– Eg har forståing for at Høgre må gjere noko i forhold til den situasjonen som har vore i partiet, der ein kanskje har fokusert meir på konfliktar enn politiske løysingar. Eg hadde håpa at ein hadde klart å finne ei anna løysing, men det må jo vere Høgre sine eigne partiorgan som gjer desse vurderingane og ser på kva som er mogleg å få til, seier Djuvik.

Er velkommen i Frp

– Det har tidlegare vore spekulert i om Nødseth ville skifte parti og gå over til Framstegspartiet. Kva seier du til det?

– Framstegspartiet har ikkje noko avgrensing for at folk som ikkje er medlem i andre parti, kan melde seg inn der. Men det er ei vurdering som Nødseth sjølv må gjere. Vi kan ikkje nekte nokon å melde seg inn i partiet, seier Djuvik.

– Er han velkommen i partiet?

– Det er han sjølvsagt, på lik line med alle andre som ønskjer å melde seg inn i Framstegspartiet, seier Djuvik.