Hopp til innhold

Høgre toppar med 2xBjørn

Nominasjonsnemnda i Høgre går for å toppe lista til Stortingsvalet med to blad Bjørn.

Bjørn Hollevik og Bjørn Lødemel.

PÅ TOPP: Nominasjonsnemnda vil ha Bjørn Lødemel (t.h.) og Bjørn Hollevik på topp på lista til Stortingsvalet neste haust.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Bjørn Lødemel og Bjørn Hollevik er dei to politikarane som nominasjonsnemnda i Høgre går for på topp ved neste års stortingsval.

Det er klart etter kveldens møte i nominasjonsnemnda i Førde. Det er nominasjonsmøtet i Førde 20. oktober som avgjer den endelege lista.

– Dette er ei liste vi har tru på, seier leiar i nominasjonsnemnda, Onar Osland.

Bråk i Høgre

Jacob Nødseth

STRID: Jacob Nødseth sitt kandidatur til listetopp har vore eit sentralt tema i nominasjonsprosessen i Høgre.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det har siste tida vore mykje bråk kring nominasjonsprosessen i Høgre. Eit sentralt tema har mellom anna vore Jacob Nødseth sitt kandidatur til ein plass på lista. Fylkesleiar Arve Mjømen har tidlegare uttala at politikarspiren frå Florø manglar litt på dømmekrafta og per no ikkje eignar seg for Stortinget.

Onsdag svara lokallaget i Florø på stormen med å nominere 24-årige Nødseth på topp til Stortingsvalet.

– Det kom overraskande på meg, og sikkert på mange andre også. Det var ei overraskande vending, det må eg seie, sa Bjørn Lødemel til NRK.no i etterkant.

Går for 2xBjørn

Lødemel sit allereie på tinget for partiet, og den tidlegare Hornindal-ordføraren ikkje lagt skjul på at han ynskjer å halde fram der.

Og innspelet frå kystbyen ville ikkje nominasjonsnemnda høyre på.

– Det var full semje om dei første plassane, der innkomne framlegg frå laga ute ligg mest til grunn. Det som det var mest diskusjon kring var 7. og 9. plass, då Jacob Nødseth vart fremma. Men han tapte avrøystinga med ei mot åtte røyster, seier Osland.

Strid var ikkje tema

Ifølgje Osland var ikkje striden og bråket i partiet noko tema i det heile under møtet i partiet sine lokale på Firda Billag.

Signala er tydelege, dei ynskjer at Lødemel skal halde fram på tinget.

– Vi har ikkje engasjert oss i den debatten som har gått føre seg der. Det var ein veldig fin tone på møtet, og vi hadde mange gode namn og kunne levert ei veldig mykje lengre liste, seier leiaren i nominasjonsnemnda.

Senior Høgre

Onar Osland

LEIAR: Onas Osland, leiar i nominasjonsnemnda.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Osland seier innspelet frå Flora Høgre ikkje vart lagt noko meir vekt på enn andre innspel frå lokallaga i fylket.

– Vi tolka ikkje det noko særleg enn at vi held oss til det som er kome inn frå laga. Ut frå det nominerte vi opp namna, dei med flest røyster tok vi på topp og så vidare nedover. Så tok vi høgde for kvar dei kom ifrå, Nordfjord, Sogn og Sunnfjord, men også Unge Høgre og Senior Høgre er med på lista, seier han.