NRK Meny
Normal

Tredje innbrotet i same området

For tredje gong i løpet av kort tid er det gjort innbrot i eit bustadhus på Krokane i Florø.

Politiet fekk melding om det siste innbrotet i dag og det er førebels ukjent kva tjuvane har fått med seg.

Tidlegare har det vore innbrot der ubedne gjester blant anna har fått med seg fotokamera, ei berbar datamaskin, kontantar og ulike verdigjenstandar.