Hopp til innhold

113 lærarar går ut i streik frå måndag - tre skular i fylket blir råka i første omgang

Frå og med måndag blir tre skular og i alt 113 lærarar og rektorar her i fylket tekne ut i den omfattande lærarstreiken som vil råke heile landet.

Lærarstreiken

BLIR STREIK: Personalsjef Jan Birger Mo i Førde kommune får her lista over dei som er tekne ut i streik av lokallagsleiar Stian Jakobsen i Utdanningsforbundet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Førebels tek vi ut tre skular i Førde. Det er Hafstad vidaregåande skule, Halbrend skule og Førde ungdomsskule, seier streikeleiar for medlemene i Førde kommune, Sissel Sande til NRK.

Dei følgjer no sentrale instruksar for streikeuttaket, og det er også årsaka til at det førebels er mellomtrinn, ungdomstrinn og vidaregåande skular som først blir tekne ut i streik. I alt 113 lærarar er i streik frå måndag.

Streikar om arbeidstida

– Uttaket skal avspegle det som er streikegrunnlaget, nemleg sterk misnøye med arbeidstidskonflikta rundt ungdomsskule og vidaregåande. Vi er klare til å streike, og vi har vore klare lenge, slår Sande fast.

Striden mellom arbeidsgjevar, kommunane sin interesseorganisasjon KS og Utdanningsforbundet, har pågått i lang tid og dreier seg i stor grad om kva arbeidstid lærarane skal ha.

Då streiken første gongen blei unngått i vår etter mekling, blei forslaget sendt ut på uravrøysting. Og fleirtalet av medlemene i Utdanningsforbundet var klare på at dei ikkje godtok resultatet. Dermed blir det no streik over heile landet frå komande måndag.

Sissel Sande

STREIKEKLAR: Sissel Sande er streikeleiar for Utdanningsforbundet sine medlemer i grunnskulen i Førde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Råkar planlegginga av skuleåret

– Brotet i arbeidstidsforhandlingane kom tidleg, og vi har hatt ei aning på at dette kunne bli utfallet. Lærarane opplever at KS ikkje har tillit til at vi gjer jobben vår. Det å vere lærar er eit veldig gjevande og krevjande, og vi treng handlingsrom og rammer for å gjere ein god jobb, seier streikeleiar i Førde, Sissel Sande.

– Korleis vil folk flest merke streiken?

– I den første fasen så vil ikkje folk flest merke så veldig mykje, fordi det råkar lærarane sine planleggingsdagar komande veke. Om dette går lenger, så vil det også råke skulestart for dei elevane som går på desse skulane.

(Artikkelen held fram under videoen)

Lærarane går ut i streik. I Sogn og Fjordane er det førebels i Førde at lærarane streikar.

SJÅ TV-SAKA: Lærarane går ut i streik. Reporter: Vidar Gudvangangen/Foto: Arne Stubhaug

1.-klassingane skjerma førebels

Skulestarten for alle 1.-klassingane i grunnskulen er skjerma frå konflikten, men Utdanningsforbundet er klare på at denne skjerminga ikkje vil vare evig.

– Det spørst jo kor lenge dette varer og kor lang tid det tek før arbeidsgjevar kjem med nye tilbod og innspel. Ut frå det som har vore vist tidlegare, så har hatt ganske god støtte og aksept for kampen vår. Eg trur dei fleste forstår at dette er viktig, meiner Sande.

Til saman blir 5500 lærarar i landet tekne ut i streik frå måndag. 22 kommunar og 18 fylkeskommunar blir råka. Før sommaren blei 33 lærarar tekne ut i streik ved ein skule i Bergen.

– Streiken vil få konsekvensar

Klokka 14 i ettermiddag fekk personalsjef i Førde, Jan Birger Moe, overlevert oversikta over dei 113 som blir tekne ut i streik i kommunen.

– Det er jo ikkje overraskande, men det var mange. Eg fekk lista no, og eg veit ikkje kven dei er ein gang. Vi må vurdere, men ein streik vil få konsekvensar. Men akkurat kva det blir enda, må vi kome tilbake til, seier Moe.

– Fryktar du ein langvarig streik?

– Det er litt vanskeleg å seie, vi håpar jo ikkje det.

Halbrend skule

BLIR TEKEN UT: Lærarane ved Halbrend skule er blant dei som blir tekne ut i streik frå måndag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK