Hopp til innhold

Tre personar til sjukehus etter trafikkulukke på Bryggja i Nordfjord

To bilar har vore involvert i ei trafikkulukke på Bryggja i Nordfjord, og ein person skal vere skada. Den eine bilen skal ha køyrt inn i sida på den andre. Naudetatane er framme på staden.

Bryggja

– Det er tre personar involvert i ulukka. Ingen av dei to bilane er køyrbare, seier Terje Magnussen ved operasjonssentralen til politiet i Bergen.

Det er i 80-sona at ulukka har skjedd.

Politiet fortel at det er store materielle skadar på begge bilane, og at alle dei tre involverte no er frakta til sjukehuset på Eid.

– Ulukka har skjedd i ei 80 – sone, så det er sterke krefter involvert. Likevel har vi ikkje fått meldingar om at nokon av dei involverte er kritisk skadde. Bilane har blitt taua vekk frå området, seier Magnussen.