Tre personar sikta etter brannen på Selje Hotel

Politiet arresterte torsdag ettermiddag tre personar etter brannen i Selje hotell.

Selje hotel i brann

HOTELLBRANN: Politiet trur at hotellbrannen i Selje kan vere påsett.

Foto: Alvin Honningsvåg

– Politiet har sidan brannen førre fredag etterforska saka. I samband med etterforskinga har vi funne ein del bevis som gjer at vi har sikta tre personar, seier Magnus Engh Juel som er påtaleadvokat i Vest politidistrikt.

Politiet ynskjer ikkje å seie noko om kva tilknyting dei tre eventuelt har til hotellet.

– Av omsyn til etterforskinga kan eg ikkje gå ut med informasjon om personane som er sikta seier Engh Juel.

Totalskadd

Det var naboar som varsla om brannen natt til fredag. Romfløya var overtent då brannfolka kom til staden.

Allereie før brannruinane var blitt kalde, meinte politiet å kunne seie kvar brannen starta. 14 personar frå det lokale politiet og Kripos har delteke i etterforskinga. Engh Juel ynskjer ikkje å vere konkret om kva funn dei har gjort på staden som gjer at dei har valt å arrestere tre personar.

– Eg ynskjer ikkje å gå i detaljar, men det er gjort funn som gjer at det er grunn til mistanke om at brannen er påsett, seier Engh Juel.

– Har nokon av dei sikta vedgått det dei er sikta for?

– Nei, det har ingen av dei tre gjort.

Han presiserer at politiet er i ein innleiande fase av etterforskinga, og at dei skal gjere nye avhøyr av dei sikta. Dei vert framstilt for fengsling i Fjordane tingrett fredag 2. desember.

Tek brannen tungt

Mange hadde ei nært forhold til hotellet i Selje , og mange reagerte med sorg då brannen vart kjent.

Ordførar Stein Robert Osdal i Selje tykkjer det er ekstra trist at det no kan syne seg at brannen har vore påsett.

– Det er sjokkerande og gjer meg trist. Vi hadde sett føre oss ei rask gjenoppbygging, men det er klart at slike nyheiter gjer oss meir usikre. Vi skal gjere det vi kan for å få bygd opp hotellet att. Det opplever eg at heile Selje kommune står saman om, seier Osdal.