Hopp til innhold

– Dette er augesteinen vår

Hotelleigaren Aydin Ackay såg ruinane i Selje for første gang i dag. No håper han det er mogleg å bygge opp att hotellet.

Aydin Ackay

– EIT STORT SJOKK: Aydin Ackay hadde planar om å flyte til Selje med familien og drive hotellet på plassen han vart så forelska i. Ho håper han at dei kan bygge opp det som brann ned.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Tre brør skulle flytte til Selje for å drive hotell. Men no har draumen gått opp i røyk.

– Det er ufatteleg, eg er framleis i sjokk. Vi var heime i Stockholm då eg fekk ein telefon frå politiet halv fem om morgonen. Eg trudde først det var nokon som tulla, seier eigaren av hotellet.

Saman med brørne hans hadde Aydin Ackay planar om å flytte til Selje og leve av å drive hotellet.

Då han fekk beskjeden tidleg fredag morgon, ringde han brørne med det same og byrja sporenstreks å køyre den lange vegen til Selje. Først laurdag morgon var dei framme og såg ruinane av hotelldraumen.

– Eg ser ruinane framfor meg no. Alt vi ar satsa på. Det er eit stort sjokk, eg veit ikkje kva eg skal seie.

Selje hotell etter brannen

STOR SKADE: Slik ser hotellet ut frå hagen etter brannen natt til fredag.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Rosar brannvesenet

Det var natt til fredag at store delar av Selje hotell sto i full fyr. Brannvesenet klarte å hindre at heile hotellet brann, sjølv om skadane er veldig store.

– Eg trur at brannvesenet og politiet har jobba ganske fort og redda det som var mogleg å redde. Det ser ut som at dei har kjempa hardt og jobba ganske flittig.

Ackay og brørne kjøpte hotellet av ekteparet Berge for snart tre år sidan, og ville drive det som eit familiehotell. Dei synest Selje og hotellet var noko heilt spesielt.

– Då vi kom hit første gangen og såg bygda og hotellet, då vart vi forelska i plassen. Vi tenkte at her kan vi bu med familien og satse på hotellet, det kjendest bra.

Vil bygge opp på nytt

Akkurat no er Ackay veldig usikker på kva som kjem til å skje med hotelldraumen.

– Vi ventar på å få høyre med brannvesenet og politiet om kva som har skjedd. Men med øydeleggingane som eg ser no, veit eg ikkje noko om kva som vil skje etter dette.

Heile familien har satsa alt dei har i dette hotellet.

– Dette er augesteinen vår. Dersom det går å bygge det opp att, så vil vi gjere det. Vi har kome hit for å bu her og å leve her.