Hopp til innhold

Politiet har god tru på å løyse branngåte

Regionlensmann Tormod Hvattum har god tru på at politiet vil finne årsaka til storbrannen på Selje hotell.

Tormod Hvattum

FÅR HJELP: Romfløya til Selje hotell brann ned til grunnen før helga. Regionlensmann Tormod Hvattum seier dei frå dagslys tysdag vil gå i gang for fullt med etterforskinga på branntomta. – Mi erfaring gjennom eit langt politiliv seier at de ikkje er hundre prosent sikkert at vi kan finne ei brannårsak. Men i denne saka har eg god tru, seier han.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Politiet har fått hjelp frå ein etterforskingsleiar i Kripos til avhøyr og liknande etter brannen på Selje hotel før helga. Tysdag vil etterforskinga på brannstaden ta til for fullt.

I alt 14 etterforskarar er på saka. Av desse fire frå Kripos.

– Når vi set inn så mykje kompetanse, så har vi godt håp om å finne brannårsaka. Vi tykkjer det er viktig å få klårleik i kva som har skjedd, seier regionlensmann Tormod Hvattum.

Varsla av naboar

Det var naboar som varsla om brannen natt til fredag. Romfløya var overtent då brannmannskap kom til staden.

Allereie før brannruinane var blitt kalde, meinte politiet å kunne seie kvar brannen starta.

Selje hotell brann ned til grunnen
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi tolkar brannbiletet slik at den starta på eit hotellrom i underetasjen av romfløya. Det gir oss eit utgangspunkt om kvar vi kan begynne dei tekniske undersøkingane, seier Hvattum.

Ser ikkje bort frå noko

Hvattum vil ikkje kommentere kva teoriar politiet jobbar ut ifrå.

– Vi kan ikkje sjå bort frå noko. Vi etterforskar breitt, med alle moglegheiter opne, seier Hvattum.

Sidan brannen har politiet avhøyrt fleire vitne, noko som vil halde fram dei næraste dagane. I dag vart også ein av dei tre eigarane avhøyrd. Dei var sjølve i Stockholm då det tok til å brenne, men kom til Selje laurdag.

Ber om tips

Politi og brannvesen har gjennom helga halde vakt ved branntomta. Hvattum seier at det er rutine ved store brannar.

– Vi ynskjer å halde brannstaden intakt og vil ikkje ha uvedkommande inn som øydelegg etterforskinga, seier regionlensmannen og legg til at dei frå dagslys tysdag vil etterforske for fullt på branntomta.

Politiet er framleis interesserte i tips frå publikum som har høyrt eller sett noko.

– Det kan vere informasjon som publikum meiner ikkje har betydning, men som kan vise seg å ha verdifull betydning i arbeidet med å finne ut kva som har skjedd, seier Hvattum.