Personane som er tekne inn til avhøyr er sett i samband med denne bilen.Foto: Alf-Jørgen Tyssing.
Bilen som er sett i samband med ein observasjon rett etter drapet på Anne Slåtten i Førde, stod parkert attmed huset dei tre vart henta frå.
Lenmann Kjell Fonn understrekar at dei tre berre er vitne i saka. Dei tre blir no avhøyrde for å finne ut om dei var i Førde då drapet skjedde. Avhøyra kan ta litt tid fordi politiet er avhengig av tolk.
– Ei mistyding
Eigaren av huset dei tre budde i meiner det heile er ei stor mistyding. Han seier at dei tre på 27, 36 og 37 år er vener av den polske kona hans, og at dei har vore i Sykkylven sidan i mai. Mannen meiner at dei tre knapt har vore ute av bygda, og seier til NRK at bilen har stått parkert på staden kvar kveld sidan dei kom til Sykkylven.
Han seier også at dei tre har hatt diverse småjobbar i bygda.
Mercedes med polske skilt
Bilen i Sykkylven er lik den bilen som vart sett av ein vogntogsjåfør nokre få minutt etter at Anne Slåtten vart drepen i Førde søndag 6. juni. Han opplyser til avisa Firda at ein Mercedes 190 med utanlandske skilt og polsk nasjonalitetsmerke køyrde forbi han i enorm fart på E39 på veg mot Ålesund.
Det skal ha vore to menn i bilen, som i følgje sjåføren skal ha køyrt forbi eit anna vogntog lenger nord, og som også skal ha stoppa ved ein bensinstasjon på Skei i Jølster.
Plaster i ansiktet
Sjåføren seier at han også såg att bilen i Sykkylven-området sist søndag, og at føraren var ein høg lys mann med plaster i ansiktet. Viss opplysningane han gir til avisa i dag er korrekte, så er dei oppsiktsvekkande.
Politiet bad nyleg folk melde frå om dei hadde sett personar med sår eller skadar som dei kan ha fått då Anne Slåtten vart drepen.