Hopp til innhold

Gro, Elin og Borghild er damene i røyken

SVANØY (NRK): Tre generasjonar med sterke kvinner styrer Svanøy Røykeri med stødig hand. No er også fjerde generasjon med på laget.

Svanøy røykeri

Fire generasjonar: Bestemor Elin, mamma Gro og oldemor Borghild gledar seg over å ha fått ei ny jente med på laget. Tre månader gamle Olava.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Tre månader gamle Olava er med når mamma Gro jobbar som dagleg leiar på røykeriet.

– Eg har jobba i røykeriet sidan eg var ti år, det har nesten vore barnearbeid, ler Gro Tveit Sveen.

32-åringen er dagleg leiar for røykeriet på Svanøy. I tillegg er mamma Elin og bestemor Borghild viktige støttespelarar.

Røykelaks er det finaste handarbeid

I det topp moderne røykeriet på Svanøy kjem 30 tonn med laks siglande inn på bordet kvart år. Fisken blir filetert for hand, tørrsalta og etter kvart røykt på ein og same plass. Råvara, laksen, veks opp i merdane rett utanfor Svanøy. Det luktar røyk i heile lokalet.

– Filetering er ikkje noko ein kan etter å ha filetert ein fisk, ein må skjere mange tonn før det kjem inn i hendene. Dette er ekte handarbeid, fortel Gro Tveit Sveen.

Svanøy Røykeri

RØYKING: Gro Tveit Sveen gjer klar til røyking av laks. Eine, spon og flis blir lagt lagvis i kassa.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

Røykeriet på Svanøy starta opp i 1992 i ein gammal låve på Svanø Hovedgård. Der var det tungt å drive og vanskeleg å stette Mattilsynet sine krav.

– Det å kome ned her og ta i bruk dei nye lokale i 2012 var berre heilt fantastisk fortel mor til Gro, Elin Tveit Sveen.

Ho er til vanleg sjefen på Marøy Havbruk, men tek gjerne eit tak i røykeriet, spesielt i den viktige førjulssesongen. Mor og bestemor, Borghild Tveit, er og sterkt engasjert i produksjonen av røykelaks. Det er ho som haustar all einen som går med når laksen skal røykast.

Det veks einer alle plassar her på øya, det blir ikkje slutt dei neste tusen åra, ler Borghild.

Svanøy Røykeri

HAUSTAR EINEN: Det går med ein del grønt når laksen skal røykast.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen

Tre sterke damer som også kan krangle

– Vi kan krangle og vere ueinige, men vi finn alltid løysingar til slutt. Vi er saman både på jobb og privat heile gjengen, eg kunne ikkje klart meg utan mor og bestemor, fortel Gro.

Damene på Svanøy har kvar sine oppgåver og alle har lang erfaring frå fiskerinæringa. Elin har jobba med oppdrett sidan 1979, mor Borghild har også følg næringa sidan den spede starten på 70-talet. I tillegg var ho politisk sekretær for fiskeriminister Bjarne Mørk Eidem på 1980-talet.

– Ein ting lærte eg av tida i Oslo, og det var å ta imot kjeft, fortel Borghild.

Skaparkraft og eit brennande ynskje om at det skal vere arbeidsplassar og aktivitet på Svanøy gjer at alle dei tre damene jobbar hardt. Røykelaks er forresten noko av det beste dei veit.

– Eg et røykelaks kvar dag, det har eg gjort i sju år og eg blir aldri lei, seier Gro.

Er det sant Elin, blir du aldri lei av laks?

–Nei, ein blir aldri lei av laks, berre meir og meir glad i laks.