Hopp til innhold

Tre generasjonar driv med skyting

Interessa for skytesporten er stor hjå familien Yttri. Heile åtte skyttarar fordelt på tre generasjonar i denne familien likar seg på skytebana.

Tre generasjonar Yttri er alle skytterar

FRAMME FRÅ VENSTRE: Gabriel, Emma, Eskil og Thomas Bak frå venstre: Eivind, Inge, Arve og Siv Kristin . Alle med etternamn Yttri.

Foto: Olav Skarsbø

– Vi er åtte totalt med sysken, far min og ungane våre som driv med skyting, fortel Eivind Yttri.

Dei fleste av dei var og med under helgas skyttartreff, Lerum Cup, som vart arrangert i indre Sogn.

Her ligg resultat frå skytinga i helga

I familien Yttri er det Inge (69) som er eldst og skyt. Så er det barna hans igjen, Eivind (48), Arve (43) og Siv Kristin (38). Borna til Eivind, Gabriel (16) og Eskil (14) er også med. Det er og borna til Arve, Thomas (17) og Emma (10).

I tillegg er kona til Inge, Solveig, veldig ivrig og delaktig i skyttarmiljøet.

Stor skyteinteresse

Resultata er ikkje Yttri heilt sikker på, men er meir oppteken av at det er ein tradisjon.

– Far min er ikkje like aktiv som han ein gong var, og for min eigen del er eg ikkje nøgd med resultatet, så resultatmessig har det ikkje vore heilt det store. Men dei yngste har skote bra i høve til det vi hadde forventa. Dei er vi jo bra fornøgde med, fortel Eivind.

Han seier det er litt tilfeldig at det har blitt ei så stor skyteinteresse i familien, men at dei vaks opp med det og vart kjend med det på den måten.

– Far min var jo godt vaksen då han begynte å skyte aktivt, men vi var jo fire sysken som var rundt han og vaks opp med detta her. Men for enkelte av oss må vi nok innsjå at det meir har vorte ein tradisjon meir enn å figurere høgt på resultatlistene, ler Eivind.

Han trur kanskje det som har betydd mest er at mora hans, Solveig, alltid har vore ivrig.

– Ho har aldri skote sjølv, men ho tykte det var kjekt å reise rundt på stemne. Og dersom far min var i tvil om han skulle vere med, var det ho som fekk han til å reise. Ho har stålkontroll over resultata, så folk kjem gjerne bort til ho underveg å spør korleis det går, fortel Eivind Yttri.

Sosial sport

– Skytesporten er sosial og har mykje positivt med seg. I motsetning til andre konkurranseformer er det utruleg stort aldersspenn, så ungar på 10–12 år kan sitje å diskutere med folk på over 80 år, fortel eldste son Yttri om sporten sin.

Han seier dei er som ein stor familie heile skyttarlaget, og at skytesporten har stått veldig sterkt på Leikanger i mange, mange år.

– Det er viktig at ungane får velje dei aktivitetane dei ønskjer. Men det er klart at når dei har vekse opp med det på den måten og fått ein del støtte, så har dei nok blitt påverka.

Konkurrentar?

– Er dykk konkurrentar eller heiar de på kvarandre?

– Litt begge deler. Men vi heiar stort sett på kvarandre. Vi er i ulike klassar alt etter nivået, så det er lite vi konkurrerer mot kvarandre, seier Yttri.

– Kven er best?

– Ja, sei det. I den beste seniorklassen er det berre eg som er, seier Eivind litt beskjedent. Reint nivåmessig skyt nok dei yngste betre enn meg, legg han til.

Var på kongelaget

– Eg veit ikkje kor unikt det er at så mange frå same familie held på med skyting, men det kan jo vere andre som er like aktive. Det har jo blitt såpass mange hjå oss, så det har jo blitt lagt merke til etter kvart, fortel Eivind Yttri.

Visst ein går litt tilbake i tid så kan Eivind fortelje at det har vore oppnådd ein god del bra resultat i familien.

– Både far min og eg har fått oppleve å liggje på kongelaget som er noko av det største for ein skyttar, seier han.

Han meiner det artige med skyting er at ein har ulike klassar etter kva nivå du er på.

– Det er og lett å måle seg mot seg sjølv og sjå utviklinga ein har. Då veit du kva du kan forvente og kva du kan glede deg over. Og så er det litt fascinerande det med at det er ein konsentrasjonsidrett, fortel skyttaren.

– Fantastisk skytehelg

– Det har vore ei fantastisk flott skytehelg for oss som arrangør av Lerum Cup. Vi har hatt rekorddeltaking av skyttarar frå heile landet. og vi har fått mange svært gode resultat i løpet av helga. Oppsummert så har detta vore ein kjempesuksess, fortel Olav Skarsbø, leiar i Leikanger skyttarlag.

Det blei arrangert fem opne stemne denne helga i Indre Sogn. Og mange hadde teke turen.

– Vi set pris på at så mange har besøkt oss. For oss som arrangør er det ein inspirasjon at det kjem fleire skyttarkongar frå heile landet og ønskjer å delta og konkurrere seg i mellom. I år er det nok godt over 400 deltakarar med på stemnet, fortel Skarsbø.

No gler han seg til neste års Lerum Cup.

– Med det oppmøtet og dei resultata og alle dei frivillige som stiller opp og hjelper til så er detta her berre kjempemoro, seier han.

Lerum cup skyting

FØLGJER MED: Her sit publikum å følgjer med på skytinga under årets Lerum Cup.

Foto: Christian Blom / NRK