Hopp til innhold

Vart fylkesmeister i baneskyting

Idar Hersvik frå Solund vart fylkesmeister i baneskyting under Landsdelskretsstemnet i Balestrand søndag.

Idar Hersvik

BEST: Solundskyttaren fekk reise heim med pokalen etter god skyting.

Foto: Jørn Njøs

Idar Hersvik

FYLKESMEISTER: Idar Hersvik fekk 345 av 350 moglege poeng på baneskytinga.

Foto: Jørn Njøs

Solundskyttaren fekk 345 av 350 moglege poeng. Han skaut fleire innertiarar og vann dermed knipent over Ole Arild Aa frå Hyen som hadde same poengsum.

- Dette er veldig god skyting, og eit resultat han kan hevde seg med på landsbasis, seier leiar i Fjordane skyttarkrets, Jørn Njøs til NRK.no.

- Perfekte skyteforhold

Det var perfekte skyteforhold under dagens skyttarstemne som gjekk føre seg i Esebotn i Balestrand. Det vart konkurrert i både baneskyting og feltskyting.

Medan baneskyting er skyting på blink med fast avstand, går ein på feltskyting rundt ute i terrenget og skyt på figurar med forskjellig avstand.

Njøs er godt nøgd med konkurransane.

- Det har vore mange gode resultat og vi har vore heldige med vêret. Det har vore perfekte skyteforhold, utan vind og nedbør, seier Njøs.

Fylkesmeister for andre året på rad

Svein Kåre Furre

VINNAR: Svein Kåre Furre frå Leikanger vart best i feltskyting for andre år på rad.

Foto: Synne Hammervoll

Svein Kåre Furre frå Leikanger vart fylkes beste feltskyttar med 40 av 42 poeng. Med det reiser han heim som fylkesmeister i feltskyting andre året på rad.

Njøs vil også trekke fram fleire unge talent som imponerte under konkurransen. I klassen for eldre rekrutt skaut både Helene Vikøren frå Farnes skyttarlag og Andreas Oppedal Jacobsen fulle hus med 350 poeng.

- Dette er veldig, veldig bra. Med ein slik poengsum kjempar dei heilt i landstoppen og hadde kunne gjort det veldig bra på Landsskyttarstemnet, seier Njøs.