Hopp til innhold

Skaut seg inn i 350-klubben

Jon-Hermann Hegg (13) frå Borgund, gjorde ingen feil i skyttarstemnet i Hyllestad i helga og klassifiserte seg dermed til 350-klubben.

Jon-Hermann Hegg
Foto: Privat/Marit Johanne Hegg

13-åringen er den einaste i Norge i år som har klart å komme med i klubben for dei som har klart å få høgast mogleg poengsum, nemleg 350 poeng. Det skriv Sogn Avis.

Var sjuk - skaut fullt

– Eg vart veldig glad, og overraska. Eg var sjuk i helga, så eg hadde ikkje forventa det, seier Hegg.

Og sjølv om ein er frisk er det ikkje berre berre å skyte fullt.

– Det er mykje du må lukkast med. Du kan ikkje ha ein feil, då ryk du. Du må ha fullt hus på alt, seier 13-åringen.

Også i fjor lukkast han godt på bana i Hyllestad.

– Den bana er veldig god, seier han.

Vil bli skyttarkonge

Hegg har mål om å klare 350 fleire gonger, og han trur det blir lettare når han flyttar seg frå klassen rekrutt til eldre rekrutt.

– Då får eg kraftigare skot og slepp det med vindproblem, seier han.

Om to helger skal han til Hemsedal på skyttarstemne, og i slutten av ferien skal han delta på landsskyttarstemnet.

Etter fire år med skyteskule, og tre år med konkurranse kjenner han at han vert gradvis betre. Han synast det er stort å ha kome med i 350-klubben, men det største målet er likevel å bli skyttarkonge.

– Når du blir litt vaksen så må du skyte både ståande og på kne, og viss du vinn landsskyttarstemne då så blir du skyttarkonge. Det har eg lyst til, seier Hegg, som ikkje har tenkt å gi seg med skytinga med det første.