Hopp til innhold

Travelt for politiet i natt

Ikkje mindre enn fem rusa menn har sysselsett politiet i Sogn og Fjordane i natt.

Natt til søndag twitra vakta i Vest politidistrikt om følgjande hendingar i trivselsfylket:

Klokka 00.38 i Førde: Mann på 18 år vist bort av politiet frå Førde sentrum. Vedkomande var rusa og kasta rundt på nokre bord og stolar. Mannen forlèt sentrum då politiet gav han beskjed.

Klokka 01.14 i Naustdalsvegen i Førde: Politipatruljen melder mann på 18 år for sladding og burning i ei rundkøyring. Ifølgje politiet på Twitter skal han ha vore til fare for både seg sjølv og andre vegfarande.

Klokka 02.17 i Sogndal: Mann i 20-åra vist bort frå ei privat adresse. Politiet var på staden på grunn av meldingar om at mannen gjorde skadeverk. Ifølgje politiet slo han hol i ei dør og øydela eit bord. Mannen blir meld for bråket og skadane.

Klokka 02.23 i Førde: To menn i 20-åra vist bort frå eit hotell. Politiet opplyser at dei hamna i klammeri med vaktene på staden. Litt uklare omstende ifølgje politivakta, og på Twitter opplyser dei at det er mogelege at partane sjølve vil melde forholdet til politiet. Sjølv vil politiet ikkje gjere noko meir med saka.

Klokka 02.30 i Førde: Mann på 18 år blir meld for ikkje å ha følgt pålegg frå politiet. Han vart vist bort frå ein burgerrestaurant, men kom tilbake etter kort tid. Politiet gav han på nytt beskjed om å forlate staden, og då forstod vedkomande beskjeden og forsvann.

Klokka 02.56 i Førde: Mann i 20-åra blir meld for ordensforstyrring og vald. Skal ha slått til ei vakt på ein hamburgarrestaurant. Ingen personar vart skadde. Mannen vart vist bort frå staden, opplyser politivakta på Twitter.