Fredag presenterte dei planane for det dei håpar skal bli ein internasjonal idefabrikk. Birgitta Ralston seier dei har lagt ned mykje arbeid i å gi den nye bygningen ein karakteristisk utsjånad.
Unike lokale
Attila Eris
Og dei nye lokala blir unike, for til å teikne det vel 850 kvadratmetermeter store bygget har dei tyske Attila Eris frå eit av verdas største arkitektbyrå. Tidlegare har han mellom anna vore med å teikne Paul Klee Zentrum som opna i Bern i Sveit i sommar.
Funksjonelt bygg
Funksjonalitet har vore viktig når han har teikna bygget til Transplant. Sjølve bygningen kjem til å ligge som ei vifte med utsikt mot Dalsfjorden og inn mot sentrum. Inne i bygget, som blir i to etasjar, skal det vere møterom, arbeidsrom, bibliotek og også nokre rom der tilreisande brukarar av bygget kan overnatte.
Utklekkingsanstalt
Designarparet har store planar i Dale. Det nye bygget dei no vil reise håpar dei skal bli ein utklekkingsanstalt for gode idear. Planen er å invitere til seg arkitektar, og designarar frå heile verda som skal vere der i kortare eller lengre periodar for å utvikle sine idear. og Birgitta Ralston trur ikkje det blir vanskeleg å overtale folk til å bytte til dømes London og Paris med Dale for ein periode.
Lang veg
Men for Ralston og Bau har vegen fram til dagens prosjekt ikkje berre vore enkel. Først var planen å flytte inn den gamle tønnefabrikken, så skulle dei overta lokala der Dale sko held til i dag. No blir det altså nybygg på den såkalla hotelltomta i sentrum.