Trålaren frå Færøyane vart oppbrakt av Kystvakta 60 nautiske mil vest av Bergen fredag ettermiddag.
Kystvakta mistenkjer «Atlantisfarid» for å ha drive ulovleg trålfiske etter makrell i norsk økonomisk sone. Båten har ikkje løyve til å fiske makrell.
I tillegg er trålaren mistenkt for å ikkje ha ført fangstdagbok. Politiet tok til med etterforsking av saka i morgontimane laurdag.